Mediemenerne 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > TV > Mediemenerne
SJÅ MEDIEMENERNE PÅ NETT
 
 

Mediemenerne

Mediemenerne er for alle som brukar fjernsyn, radio, aviser og internett til å halda seg oppdatert om det som skjer i verda. Det er ikkje eit program for bransjefolk.

Publisert 30.01.2002 10:37. Oppdatert 19.02.2004 15:41.
SE OGSÅ:
Mediemenerne dekker alle medier som normalt fell inn under uttrykket ”massemedier”: TV, radio, aviser, vekepresse og nett.

Programleiar Halvor Folgerø
Mediemenerne tar opp eit større tema kvar gong. Emnet skal ikkje nødvendigvis vera det alle snakkar om denne veka. Me skal gjerne overraska. Men me skal vera nøye med å ikkje bli innadvendte. Målet er å finna tema som engasjerer flest mogleg sjåarar, uansett interesser og bakgrunn.

Mediemenerne har eit fast panel, som fungerer som ein redaksjon. Panelet er med på å plukka ut tema kvar veke, og kommenterer/analyserer problemet som vert teke opp.

Kvart program har ein eller to reportasjar som illustrerer emnet som er valt. Reportasjane skal danna grunnlaget for paneldiskusjonen som følgjer etterpå.

Mediemenerne løyser ingen verdsproblem, men kan gjerne bidra til auka forståing.




 
 
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no