Mediemenerne 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > TV > Mediemenerne
SJÅ MEDIEMENERNE PÅ NETT
 
 
Mediemenerne har hatt si siste sending - i alle fall i denne omgang. I meir enn to år har Mediemenerne diskutert og sett søkelys på ulike sider ved media. Vi har dekka både tidsaktuelle saker og tidlause fenomen.

Alle programma frå og med 03.09.03 vil framleis vere tilgjengelege på nettsida vår. Det same gjeld informasjon om programmet, og ein presentasjon av paneldeltakerne.

Vi håpar å kunne kome tilbake på skjermen ein gong, men til det eventuelt skjer: ha det bra og takk for oss!

Her finn du ei oversikt over kva for tema Mediemenerne har vore innom i løpet av dei 5 sesongane vi har vore på lufta.

NRK2 - 12. mai kl. 20:05

BERLUSCONI-TILSTANDAR i MEDIEMENERNE

Sjå for deg følgande tankeeksperiment:
Statsminister Kjell Magne Bondevik er Norges rikaste mann. Han eig TV2, TVNorge, TV3, ein svensk TV-kanal, og Aschehoug Forlag. I tillegg har han full kontroll over det som skjer i NRK. Som om ikkje det var nok eig kona hans Aftenposten medan broren eig VG.
Statsminister Silvio Berlusconi eig og kontrollerer 6 av dei 7 største TV-kanalane i landet, og har sikra seg full kontroll over statsfjernsynet i RAI.
Korleis blei det slik?

Sjå mediemenerne onsdag kl. 20:05

NRK2 - 5. mai kl. 20:05

VIL VI HA FALSKE JOURNALISTAR?

BBC-journalisten Mark Daly sin film "The Secret Policeman" har vekt kraftig debatt i England. I filmen blir Daly opptatt som politiaspirant, og jobbar fleire månader i politiet, utstyrt med skjult kamera under vesten. Han avslørte grove rasistiske haldningar blant kollegaene.
Er dette ein akseptabel arbeidsmetode?

Sjå mediemenerne klokka 20.05 på NRK2.

NRK2 20. april kl. 20:05

SKJULT KAMERA MOT ULVEJAKT


I dokumentaren "Vargjägarna" meiner Brennpunkt å kunna dokumentera at det foregår organisert jakt på ulv i Norge og Sverige. For å avsløra den ulovlege jakta har dei infiltrert jegermiljøa med skjult kamera.
Men er ulvejakta eit så alvorleg lovbrot at det er nødvendig å bruka det mest nådelauste våpenet TV-mediet har?

Det skal mediemenerne diskutera i kveld kl. 20:05.

NRK2 - 21.april kl. 20:05

HAR RØKKE KRAV PÅ PRIVATLIV?

Heime hos-reportasjen er ein kjend og velprøvd sjanger i norsk presse. Men i påsken lanserte Se og Hør ein ny type heime hos-reportasje, som har vekt oppsikt: ein reportasje der den dei var heime hos ikkje var heime sjølv. Og slett ikkje hadde invitert til besøk. Det dreier som kjent om bilete tatt inne i luksushytta til Kjell Inge Røkke på Oppdal.

Kor langt kan media tillata seg å gå i å skildra privatlivet til kjende menneske?

Mediemenerne klokka 20.05 på NRK2

NRK2 - 14.04 kl. 20:05

Fotballen rullar igjen: Fjernsynet- idrettens pengemaskin?


Måndag denne veka blei fotballsesongen på TV sparka i gang på Lerkendal. Det betyr mykje TV-fotball dei neste månadene. NRK åleine skal senda 86,3 timar norsk fotball denne sesongen. Men det betyr også at alle som ser på blir bombardert med reklame dei ikkje har bede om. Kvifor er det slik?

RETTIGHETER
I tillegg har vi besøkt Tv2, som har betalt rundt 50 millionar kroner for å få rettane til fotball-EM i Portugal. Og dei som sel rettighetene stiller knallharde krav: Tv2 må senda senda reine skrytefilmar for UEFA, det europeiske fotballforbundet. - Dette er propaganda forkledd som redaksjonelt stoff, seier Bjørn Taalesen, sportssjef i TV2. Går det an å driva kritisk journalistikk mot UEFA med slike avtalar?

Sjå mediemenerne, i kveld klokka 20.05 på NRK2

NRK2 - 31.mars kl. 20:05

BØR PORNOSLADDEN BORT?

Når pornofilmar frå kabel- og parabolkanalar blir vist på norske skjermar, skjer det med ein svart firkant på skjermen. Kringastingslova slår fast at det er forbudt å senda program med pornografi som er i strid med norsk lov. Tidlegare redaktør for Aktuell Rapport Stein-Erik Mattsson ville provosera fram ein ny grenseoppgang for kva som er straffbar pornografi. Men kva er straffbar pornografi?

I tillegg ser vi nærare på NRK Petre's nyskapning "Boogie", som har vekt sterke reaksjonar siste veka. Det dreier seg om korte erotiske høyrespel, der den uttalte målsetjinga er å få lyttarane til å onanera.
Er det noko å hissa seg opp over?

NRK2 - 24. mars kl. 20:05

Kampanjejournalistikk i Mehmet-saka?

Seks år gamle Mehmet frå Oslo lir av den dødelege sjukdommen talassemi, men han kan ikkje få behandling med mindre politikarane gir dispensasjon frå bioteknologilova. Den massive mediedekninga har lagt eit stort press på politikarane våre. Er dette reinspikka kampanjejournalistikk?

I tillegg var Mediemenerne med då over 500 journalistar frå heile landet i helga inntok Tønsberg og den årlege SKUP-konferansen, for mellom anna å diskutera om journalistar er kritiske nok til kvarandre og andre medier. Er det viktig med meir mediekritisk journalistikk? Avisjournalistar kritiserer tv-program. Men kven kritiserer avisjournalistane?
Sjå Mediemenerne i kveld, klokka 20.05 på NRK2.

NRK2 - 17. mars kl. 20:05

Kringkastingsrådet = Supperådet?

- Å delta i Kringkastingsrådet gir meg kjensla av å vera med i ein Team Antonsen-sketsj, meiner kulturredaktør i Dagsavisen, Cathrine Sandnes. Sandnes er varamedlem i Kringkastingsrådet, og ho synest det er galt at politikarar skal vera i fleirtal i eit rådgjevande organ for Norges største mediebedrift, NRK.
Kan Kringkastingsrådet skapa uheldige bindingar mellom NRK og politikarane? Dette skal mediemenerne diskutera i kveld.

Dessutan - Frp-ordførar i Os kommune i Hordaland, Terje Søviknes, har starta eigne nyheitssendingar på internett. Har journalistane seg sjøl å takka når politikarane lagar nyheitssendingar sjøl?

Mediemenerne, i kveld kl. 20.05 på NRK2

NRK2 - 10. mars kl. 20:05

TRUA TIL TAUSHET?

Denne veka blei ein mann dømt til seks månaders fengsel for å ha trua ein VG-journalist på livet. Det kriminelle miljøet er blitt hardare, og alvorlege truslar er blitt ein del av kvardagen for mange journalistar.

Kor lenge er folk villige til å risikere livet for jobben sin? Kva gjer slike truslar med journalistikken? Er truslane ein fare for pressefridomen? Desse spørsmåla tar vi opp i mediemenerne i kveld.

I tillegg skal vi diskutera kvifor media har så ulik praksis for identifisering av gjerningsmenn og offer i kriminalsaker. Sjå mediemenerne i kveld, og gjer deg opp di eiga meining.

Mediemenerne, klokka 20.05 på NRK2

Panelet

Mediemenerne har eit hovedpanel med fire deltakere, Frank Aarebrot, Jens E. Kjeldsen, Trine Eilertsen, Hanne Alver Krum og Morten W. Knudsen. De deler på å være de tre som er med å bestemme og debattere vekas tema.

Utfall

Kvar veke avsluttar vi programmet med eit Utfall fra enten Are Kalvø, Finn Tokvam, Linda Eide eller Per Inge Torkelsen. I Utfallet ytrar dei seg om kveldens tema eller det dei er opptatt av i media. Les meir om de fire her.

NRK2 - 03. mars kl 20:05

"Institusjonen": Tett på liv og død

Serien "Institusjonen" på NRK1 følgjer dagleglivet på Gjestad bo- og aktivitetssenter. Gjennom 13 episodar kjem me tett inn på kvardagen til gamle, sjuke, døyande og funksjonshemma. Og me får sjå på nært hald kva det vil seia å jobba i omsorgsyrket.

Er dette å laga Tv-underhaldning av sorg og sjukdom, eller er det ein viktig dokumentarserie? Er deltakarane bevisst på kva TV-eksponering inneber? Kor går grensa for det spekulative? Har gamle og funksjonshemma menneske større behov for å bli beskytta mot seg sjølv enn ungdom som har sex for ope kamera i ein bunkers på Fornebu? Dette er spørsmål me skal snakka om i mediemenerne i kveld.

Sjå mediemenerne, klokka 20.05 på NRK2

NRK2 - 25. februar kl 20:05

NETTAVISENE GÅR FRAM - PAPIRAVISENE TILBAKE

Vi brukar stadig mindre tid på dei gode gamle papiravisene her i landet. Stadig fleire brukar nettavisene for å halda seg oppdatert om kva som skjer. Kva følgjer får det for framtida?
Til no har nettet vore mediet for kjappe , overflatiske nyheter. Men treng det vera slik? Det skal mediemenerne snakka om i dag. Me skal og diskutera kva nettet har gjort med journalistikken - og kva som må til for at nettavisene skal bli lønsame. Mediemenerne, klokka 20.05 på NRK2

NRK2 - 18. februar kl 20:05

DRIV NRK REKLAME FOR NORSK TIPPING?

1,5 mill nordmenn speler lotto kvar veke, meir enn 500 000 kjøper Extra-kupong, mens over 600 000 prøver lukka i Vikinglotto. I tillegg kjem Joker, som blir trekt i Lotto-og vikinglotto-sendningane. Norge er eit av dei landa i verda der det blir spelt mest, og omsetninga på dei TV-sendte spela har hatt ein jamn auke. Felles for alle dei nemnte spela er at dei er eigd og drevne av Norsk Tipping på Hamar, Og - at trekninga blir vist i beste sendetid på NRK 1.

Er dette reklame eller viktig informasjon om ein nasjonal begivenhet? Kva meiner NRK sjølv? TV-sjef Annika Bjørnstad er ei av dei du møter i mediemenerne, klokka 20.05 på NRK2

Tips og vinn:

Amatørenes inntogsmarsj

Fra VG
Snublar du over ei ulukke, ein full kjendis eller eit rart dyr, kan du bli rik. Eller du kan vinna ein splitter ny mobiltelefon med kamera. Om du sender bildet til Dagbladet eller VG.

Er det amatøranes inntogsmarsj i pressa vi ser? Gjer avisene oss til ein nasjon med overvakarar? Blir presse-etikken ofra for å vinna nyhetskrigen? I mediemenerne kan du også høyra Are Kalvø fortelja solskinshistoria om tipsaren "Arne".

Alt saman klokka 20.05 på NRK2

Myten om norske medier:

Opptatt av kongestoff og uvesentleg sladder

Må man kappe av seg beinet for å bli A-kjendis? Mediemenerne ser i kveld nærmere på VG's nye kjendisliste.

- Det norske folk er ekstremt opptekne av det dei ser, les og høyrer. Difor vil vi gi lesarane ei vitskapeleg oversikt over dei mest omtalte personane, seier Espen Olsen Langfeldt, avdelingsleiar for Rampelys-redaksjonen i VG.

Men spørsmålet er om kjendislista i seg sjølv er eit uttrykk for kjendis-fokusering? Vil ei slik liste føra til auka personfokusering i nyhetsbildet?

Sjå mediemenerne i kveld klokka 20.05 på NRK2

NRK2 - 28.januar kl. 20.05

OPPSKRIFTA PÅ EIT VELLUKKA PR-KUPP

Den får du i kveldens utgåve av mediemenerne.
Mandag denne veka pryda ei smilande Kjertsi Grini framsida i Dagbladet. Over eit to-siders oppslag inni avisa fortalde ho om korleis ho blei kvitt giktsmertene sine med kosttilskotet Nutrilenk. Oppslaget var, ikkje uventa, resultat av eit særs vellukka PR-framstøt. Men betyr det noko om PR-folka leverer råvarene, så lenge kokkane er journalistar og redaktørar?

Mediemenerne kan også by på highlights frå prinsessedekninga. 20.05 på NRK2

NRK2 21.januar 20:05

Reporter eller redningsmann?

Etter at lasteskipet "Rocknes" kantra utanfor Bergen mandag, er det TV2 sine billete dei fleste hugsar. Reporter Sturla Dyregrov gjekk heilt inntil havaristen, banka på skipssida med eit blylodd, og fekk svar frå innsida. Innslaget har vekt sterke reaksjonar, både frå journalistkolleger og bergingsmannskap. Var dette eit overtramp av TV2? Eller var det ei journalistisk bragd å dokumentera at det var liv inne i havaristen? Er det eit problem at reporteren blir aktør i si eiga sak? Dette skal mediemenerne diskutera i kveld. I tillegg har vi besøkt den nye Kanal 24, som stadig taper terreng i forhold til erkerivalen P4.

mediemenerne har sesongpremiere klokka 20.05 på NRK2

NRK2 21.januar kl. 20.05

Tilbake 21.januar

Mediemenerne er tilbake på skjermen onsdag 21.januar med samme sendetid som i fjor, kl 20.05. Mye er det samme, men noen endringer er gjort. Du vil blandt annet møte noen nye ansikter blandt de gamle traverne, og vi har fått et nytt utseende på studio.

 
 
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no