Stine Larsen

Denne jenta har alltid elska musikk, og ho syng all slags musikk. Tidlegare song ho nesten berre klassisk, men no syng ho for det meste jazz.
Publisert 09.09.2006 22:19.
- Skriv ut
Litt om Stine Larsen
Namn: Stine Larsen
Alder: 21 år
Frå: Tysnes
Yrke: Student
Sjanger: Poprock
Song: På musikkvideo: Over the Rainbow (Harold Arlen), om ho kjem vidare til Kjempesjansen: Use me (Bill Withers)
Draum: Å lykkast som musikar
Stine Larsen har vore innom dei fleste sjangrar, ho meinar at det er viktig å vere innom fleire sjangrar for å bli ein god artist. Difor syng ho alt mogeleg. I dag studerar 21 åringen ved NISS (Nordisk institutt for scene og studio). No vil ho at songstemma hennar skal gjere til at ho lykkast som musikar.
Stine treng kanskje du hjelp får å klare seg som musikar. Sjekk ut musikkvideoen hennar her. Songen ho syng heiter ”Somewhere over the Rainbow” og er laga av Harold Arlen. Om Stine kjem vidare til Kjempesjansen frå Nettsjansen vil du høyre ho synge ”Use me” av Bill Withers.
Musikalsk familie
Tysnesjenta er ikkje den einaste i familien som elskar musikk. Faren spelar gitar, storebroren spelar litt bass og den andre broren på åtte år fekk trommesett til jul, så han er i full gong med å øve. Det kan faktisk verke som at familien snart er eit fullt band. Men Stine er den som prøver å gjere ei karriere ut av talentet sitt, frå å ha gått på musikklinja på Stord er ho no klar for å vere med på Kjempesjansen.
Kva vil du bruke pengane du vinn til?
- Det skal gå til utdanning, det er dyrt å vere student, seier Stine med eit smil.

På gøy med Stine Larsen:
Er det noko du absolutt ikkje meistrar?
- Eg har ingen som helst form for retningssans!
Er det noko du er spesielt dyktig til?
- Eg er heilt avhengig av edderkoppkabal.

