28.11.2014
Krabba opp på pianokrakken

Atle Pettersen

Atle Pettersen (Foto: Bilde frå musikkvideo)

Då Atle Pettersen var 2-3 år klarte han akkurat å krabbe opp på pianokrakken, og det var nok allereie då han fekk smaken på musikken.

Litt om Atle:

Namn: Atle Pettersen

Alder: 17 år

Yrke: Skuleelev

Sjanger: Poprock

Song: "I'll be there for you" (av Atle Pettersen)

Draum: Kjøpe bra musikkutstyr 

 Atle begynte å synge så fort han lærte å prate i følgje han sjølv, og saman med pianospelinga var det ikkje så vakkert i starten det heller.

- Men eg vart litt betre etter kvart.

Songen han skal synge i Kjempesjansen heiter "I'll be there for you", den har Atle laga saman med Jason Blume, musikkvideoen hans kan du sjå her

«Eg gløymer aldri det kicket eg fekk då eg sto framfor eit fullstappa Oslo Spektrum.»

Atle Pettersen

Den mest musikalske

Endå familien hadde piano i heimen er dei ikkje så musikalske av seg. Då Atle skulle svare på spørsmålet om det er andre i familien som speler musikk fekk vi svaret:

- Broren min driv med bilstereo… Viss det teller…?

Men endå sekstenåringen kanskje ikkje har den mest musikalske familien har han sjølv kome langt til tross for sin unge alder. I 2003 var han ein av finalistane til melodi grand prix junior, då framførte han ein eigenkomponert melodi, ”hekta på brett”.

- Eg gløymer aldri kicket av då eg sto framfor eit fullstappa Oslo Spektrum.

Kva vil du bruke pengane du vinn til?

- Kjøpe utstyr for ein del av det. Det hjelper ikkje å vere flink om ein ikkje har bra utstyr. Han man dårleg utstyr vil ting låte dårleg uansett kor bra man spelar.

Atle ønskjer i framtida å studere musikk slik at han kan livnære seg som artist, og då er det nok ikkje så gale med litt pengehjelp på vegen.

 

Atle Pettersen (Foto: Bilde frå musikkvideo)

På gøy med Atle:

Har du nokre forbilde?

- Bon Jovi er eit stort forbilde. Det bandet har utruleg mykje fengande musikk. Jørn Lande er eit anna forbilde. Beste i Noreg spør du meg! Og han har ein kontroll som er heilt fantastisk! Måten han behandlar tonane han syng er kjempe bra!

Er du spesielt dyktig til noko?

- På ein god dag kan eg kanskje klare å sjele med eit auge. 

Ting du berre MÅ gjere før du skal opptre?

- Varme opp så klart. Stressar eigentleg veldig mykje rett før, men eg gjer det fordi eg blir så oppspilt. Så må eg alltid gå litt i ring.

Siste artikler