11.02.2012
Alexander vant heile Kjempesjansen:

- Dette kan eg ikkje tru!

Dan Børge Akerø og Alexander Rybak (Foto: Birte Njøsen Horne/NRK)

- Vinnar av Kjempesjansen 2006 er Alexander Rybak!

Det var ein lykkeleg 20 åring som fekk beskjed om at han var den som hadde fått flest stemmer, og av alle som har vore med på på programmet er han den som har vunnet Kjempesjansen 2006!

- Eg kan ikkje tru det! Dette er heilt uverkeleg! Tenk at eg vant!!!

Det var stor jubel då det gjekk opp for Alexander Rybak at han faktisk er vinnaren, at han er den som i finalen fekk mest pengar av dommarane og publikum.

Heile 226 900 kroner fekk han i finalen, og til saman i heile Kjempesjansen fekk han 382 200 kroner.

Kva skal du bruke pengane på?

- Først skal eg kjøpe ein sjokolade, så veit eg ikkje... Studier og i banken kanskje.

Alexander Rybak i finalen (Foto: Birte Njøsen Horne/NRK)

Med sin eigenkomponerte song 'Foolin' tok ALexander Rybak publikum og dommarane med storm

Foto: Birte Njøsen Horne/NRK

Mange gratulasjoner

Det var mange som ville gratulere vinnaren med ein gong rulleteksten var over.  

Eddie Skoller var ein av dei som kom fram i køa.

- Du har eit kjempestort talent! Verkeleg eit talent!

I eit stort blitzregn sto 20-åringen med årets smil om munnen.

- Dette er heilt utruleg!

 Langt over 4 000 000 kroner

Dan Børge Akerø og Alexander Rybak (Foto: Birte Njøsen Horne/NRK)

Det var mange gåver til Alexander etter sendinga

Foto: Birte Njøsen Horne/NRK

I løpet av denne hausten har Kjempesjansen delt ut heile 4 445 300 kroner til artistar rundt om i landet.

Det er noko programleiar Dan Børge Akerø er nøgd med.

-  Det er fantastisk! Men likevel sett eg meir pris på ord som dommarane sa om kor viktig dette programmet er.

 Ingen taparar

Det er ingen som går frå Kjempesjansen som taparar. Sidan det har blitt delt ut over 4 millionar kroner er det blitt mykje pengar på artistane.

I superfinalen var det Hemsing-søstrene, Stephen HansenFelix Peikli og Alexander Rybak, slik blei pengane frå finalen fordelt mellom desse.

Alexander Rybak: 226 900 kroner

Hemsing-søstrene: 194 500 kroner

Stephen Hansen: 190 500 kroner

Felix Peikli: 131 800 kroner

Siste artikler