|
Der ingen skulle tru 25/3: -Det mest ekstreme eg har gjortDen gongen små båtar med mast og segl rådde grunnen, var Nyksund eit av dei store fiskeværa i Vesterålen. Men då det kom ei motorisert tid som kravde store farty, vart sundet for lite, og skutene og fiskarfamiliane drog. På 80-talet var Nyksund folketomt, og forfallet greip om seg. Publisert 22.02.2007 17:18. Dei som oppdaga Nyksund på nytt, var eit par tyskarar som såg det eksotiske i utposten mot Norskekavet. I dag driv dei kvar sin restaurant, på kvar si side av sundet, for i sommarhalvåret strøymer turistane til det som såg ut til å bli ein stad for skrømt og draug. Men først og fremst er det ein flokk kvinnelege kunstnarsjeler som set sitt preg på fiskeværet, kvinner som har gjort Nyksund til sin nye heimstad.
– Å flytte til Nyksund er det mest ekstreme eg har gjort, seier Irene Hessling, og ho har gjort mykje ekstremt i livet. I ti år var ho fallskjerminstruktør i Florida, og fritida brukte ho til å kaste seg utfor stup og tårn i fallskjerm. Etter å ha høyrt ei venninne fortelje entusiastisk om det ukjente paradiset, kjøpte ho hus i Nyksund utan å ha sett så godt som eit bilde av staden. Og ho angrar ikkje. I dag livnærer ho seg ved å vere yogainstruktør for kvinner frå heile Vesterålen.
– Eg drog til Nyksund for å bli frisk, og eg er i ferd med å bli det, jublar Marit Nygård, ein ung, talentfull pianist som stod ved terskelen til ein lysande karriere, men som møtte veggen og vart slegen ut. Kroppen og tankane trong ny kurs.
– Vi var på rundreise i Vesterålen og køyrde feil. Då vi kom til Nyksund, visste vi at det var her vi skulle bu, seier Synne Meland. Ho har songutdanning, men fekk nok av å stå i konsertlokalet kveld etter kveld for å prestere. Saman med den danskfranske mannen sin, Martin Brase, har ho det siste året omskapt eit falleferdig hus til ein ny heim. Innimellom livnærer dei seg ved å selje norske tømmerhytter til Frankrike.
Berthe Grindalen er utdanna i skogsbruksfaget og kjem frå djupe austlandske skogar, men fall for det nordnorske lyset og dei snaue knausane rundt Nyksund. I det nyrestaurerte huset sitt bruker ho tida dels med pensel og palett, dels med manuset til ei bok om kunsten å leve.
I eit nytt hus, som skil seg frå alle andre, har bildekunstnaren Sigrid Szetu atelieret sitt. Ho er internasjonalt kjend og har hatt utstillingar i meir enn tjue land verda over, men i sterk kontrast til det storbylivet ho har levd, har ho søkt heim til Nord-Noreg og vesle Nyksund. Opprørt hav og flammande nordlyshimmel inspirerer.
Sist sommar våga også ein ung mann å setje bu blant kunstnarkvinnene i Nyksund. Vebjørn Sommerset er ein av dei få unge som har utdanna seg til smed, og i Nyksund fann han ei gammal smie, der den siste som flytte, hadde arbeidet sitt. Den nye smeden i Nyksund satsar på kunsthandverk.
Men helst vil dei gjere minst mogleg. Helst vil dei berre sjå og sanse, tenkje og kjenne og vere nær kvarandre. Dei er ein uvanleg flokk, og dei lever på ein uvanleg stad.
|