skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
Toppbanner Der ingen skulle tru 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > TV > Der ingen skulle tru at nokon kunne bu
 
Der ingen skulle tru 11/3:

Den siste viking

Han er den siste viking. Som den einaste attverande langs heile den milelange fjordarmen Fyksesund i Hardanger lever 81 år gamle Jon J. Skaar framleis på den veglause ættegarden Skoro, høgt oppe i fjellsida.

Publisert 22.02.2007 17:09.
Det tek ein times gange å komme seg til gards, og vegen frå fjorden og opp er ein bratt og skrøpeleg stig. I sommarhalvåret stabbar han ned til kaia når ein pensjonert kamerat ein gong i veka kjem seglande innetter med post og proviant, om vinteren er han meir eller mindre isolert. Gamle bein orkar ikkje baske seg opp og ned lia i djupsnøen, og ikkje sjeldan legg ei isskorpe seg på fjorden og hindrar all ferdsle. Skulle mannen ha behov for hjelp, er helikopter einaste hjelpemidlet, så sant det er vêr til fare luftvegen. To gonger er han blitt henta på den måten. Begge gongene gjekk ferda til sjukehus. Med ein blodprosent på godt under tretti var eg eigentleg daud, skrattar vikingen.

Men på Skåri vil han vere så lenge han kan. Han har levd på odelsgarden heile sitt liv og har knapt vore til andre byar enn Bergen. Men han held seg godt orientert for det. Rett nok bryr han seg ikkje med å reparere fjernsynet han ein gong fekk i hus, men i bokverda er han betre kjend enn dei fleste. Så har han også opplyste menn å likjast på. Blant forfedrane finst både ordførarar og stortingsmenn, lærarar, redaktørar, advokatar og ein biskop. Om ein er fødd og oppvaksen på ein avsidesliggjande fjellgard, kan ein ha godt vit og få bruke evnene sine. Men den siste brukaren på Skåro vart bonde, og berre det. No har han kvitta seg med dyra. To mårar, som han matar, og som held hus i kjellaren hans, er det einaste selskapet han har til dagleg. Likevel er dagane fylte med nok av gjeremål, og med tankar og kjensler som bryt på. Ein gong i året reiser han til næraste bygd for å klippe hår og skjegg. Men då vi gjesta han, hadde bustene på hovud og i andlet fått gro i to år. Dagane gjekk så fort sommaren før at det vart ikkje tid til å oppsøkje den private frisørdama han har i Øystese.


 
 
10 SISTE DER INGEN SKULLE TRU AT NOKON KUNNE BU
 
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no