skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
Toppbanner Der ingen skulle tru 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > TV > Der ingen skulle tru at nokon kunne bu
 
Der ingen skulle tru 25/2:

Spesiell dame

Ho heiter Ivanir Hasson, og dama er like spesiell som namnet ho ber. Mora var norsk, faren var egyptisk jøde, og begge var forretningsfolk. Men Ivanir tok avstand frå dei verdiane foreldra stod for. Ho ville lære seg å leve utan pengar.

Publisert 22.02.2007 16:42.
Ho var ein opprørar, og tidleg hamna ho i fristaden Christiania i København. Der trefte ho mannen ho ville dele livet med, og saman drog dei til Noreg med hest og vogn, der dei hadde det vesle dei åtte. Då var Ivanir gravid, og ho fødde ein gut i eit hus ved landevegen på Sørlandet. Dei slo seg ned på ein einsleg plass i ei fjellgrend i Tinn, utan innlagt lys og vatn, og der kom son nummer to til verda. Nokre år seinare sat ho åleine med ungane sine på eit avsidesliggjande småbruk i ein annan dal i Tinn.

Der lever ho enno, men no har ein ny mann flytt inn hos henne. Carl Olsen frå New Zealand opererte som gateklovn på Karl Johan då Ivanir fekk auge på han. Dei gifte seg i ei lita klosterkyrkje på ei fjellhylle høgt over Tinnsjøen, Ivanir fekk ein gut til, og saman lever dei på småbruket sitt, langt under det som blir definert som fattigdomsgrensa. Like fullt føler dei at dei har alt det dei treng – for det dei søkjer, kostar ikkje pengar. Dagleg har Ivanir sine rideturar ute i skog og mark, ho haustar sine økologiske grønsaker og urter frå åkeren oppe i bakkehellinga, og i sommarhalvåret et og søv dei i tipien dei har slege opp ute i hagen. Dei er naturmenneske.

Det vesle dei har av pengar, får dei ved å reise rundt på skulane og lære elevane sirkuskunster. På sirkusskulen opplever dei at dei som til vanleg er minst skuleflinke, blir vinnarar, og eit slikt rollebyte set Ivanir og Carl pris på. Ein gong iblant inviterer dei også skulen eller barnehagen i heimbygda på sirkus oppe i eige tun, og på slike dagar er det tett mellom frydefulle utrop. Eg lever eit rikt liv, seier Ivanir – kvinna som valde å leve nesten utan pengar.




 
 
10 SISTE DER INGEN SKULLE TRU AT NOKON KUNNE BU
 
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no