skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
Toppbanner Der ingen skulle tru 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > TV > Der ingen skulle tru at nokon kunne bu
 

Elskar gamle hus

Først ut i vinterens serie er bergensaren Geirr Vetti, som vart sognebonde, og som er i ferd med å reise det eine prakthuset etter det andre på ein fjellskrent høgt over Mørkrisdalen i Luster.

Publisert 22.02.2007 16:39.
Han elskar gamle hus, og han elskar å setje dei i stand. Derfor titulerer han seg som husdokter, som truleg den einaste i landet. Ein draum gjekk i oppfylling då bygningsmannen for fem-seks år sidan endeleg fekk tilslag på ein gammal gard, og han kunne gå i gang med å få hus og tun tilbake til fordoms prakt. Hittil er eit titals bygningar reiste av ruinane, men før han er ferdig, lyt han få skikk på tre-fire til. Dessutan skal han ta seg av ein fjellstøl, som ligg ille tilreidd oppe på fjellet nærare tusen meter over dalbotnen.

Geir Vetti gjer seg flid med husa sine. Som arkitekt teiknar han dei sjølv, og han sparer ikkje på utsmykkinga. Kven andre enn hestane på Skåri kan trø inn mellom utskorne søyler når dei skal på stallen? Dessutan har mannen lagt sin elsk på steinstover, og steinen blir boren til gards med handemakt frå urder og bekkefar i brattlende lier. Problemet var å finne steinarbeidarar som var sterke og uthaldande nok. Løysinga vart å leige sherpaer frå Nepal. Dei er vande med å bere tungt for talrike ekspedisjonar som skal klive Himalaia-fjella til topps. På Skåri småspring dei i bakkane med svære steinheller på ryggen.

Men Geirr Vetti har større mål enn å byggje eit gammalt fjellgardstun opp frå grunnen. Når husa er sette i stand, skal dei fyllast med dyr og menneske, og så skal han drive garden på gammalt vis, med mjølking for hand, med ysting og kinning, med ljåslått og høybering. Han treng drengar og budeier, ja, han treng også ei gardkone. Kanskje blir det det største problemet. No i den mørke tid av året er hunden hans, Max, det einaste selskapet han har. Men ved å bli kjend gjennom fjernsynet reknar han med at budeiene vil vakne til live. Å få ein husdokter til mann høyrest vel forlokkande ut?


 
 
10 SISTE DER INGEN SKULLE TRU AT NOKON KUNNE BU
 
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no