skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
Toppbanner Der ingen skulle tru 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > TV > Der ingen skulle tru at nokon kunne bu
 

Ny runde med suksess-serien

Det er igjen klart for ein ny omgang med fjernsynsprogrammet ”Der ingen skulle tru at nokon kunne bu”, den femte i rekkja. I seks søndagar framover skal nye veglause og avsidesliggjande stader, der menneske framleis lever, trekkjast fram i lyset.

Publisert 22.02.2007 16:24.
Eigentleg er det ikkje nok at stadene er spesielle, seier programskaparen Oddgeir Bruaset. Under utveljinga legg vi også vekt på at menneska vi møter, er ulike frå program til program, at dei livnærer seg på ulikt vis, at somme er unge, andre er eldre, at somme held til på ein fjellskrent, og at andre lever på ei vêrbiten øy. Sjåarane må få møte menneske som lever og tenkjer ulikt frå gong til gong. Berre slik kan vi unngå at programma stivnar i eit mønster, berre slik kan det knyte seg spenning til neste program, seier Bruaset.

I denne runden skal vi møte ein flokk fargerike kvinner som har slått seg ned i eit tidlegare fråflytt fiskevær nordpå, vi skal helse på eit eksotisk par som med utgangspunkt i ein fjellgard i Telemark reiser rundt på skulane og lærer elevane sirkuskunster, vi skal innom ei lita havgrend på Stadlandet, der folk klorar seg fast trass storstorm og storbåre, vi skal møte ein gammal mann som lever åleine att på den veglause ættegarden sin, som den einaste i ein fjordarm av Hardangerfjorden, vi skal bli kjende med to stressande storbymenneske som braut med sitt tidlegare liv og slo seg ned på eit lite småbrukt høgt over Vågåvatnet i Ottadalen, og vi skal treffe ein bygut som busette seg på ein fjelhyllegard i Sogn, der husa låg nede i forfall.

Og medan årets serie blir send, er Bruaset saman med lydmann og fotograf ute på opptak til det som skal bli seks nye program om eit års tid.



 
 
10 SISTE DER INGEN SKULLE TRU AT NOKON KUNNE BU
 
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no