Søndag 6.11.
 |
| Skålid (Foto: Tor Sivertstøl/ NRK) |
Langt inne i Fyresdalsheiane i Vest-Telemark, nesten inne ved fylkesgrensa mot Aust-Agder, ligg garden Skålid, heilt for seg sjølv.
Vegen ned til Veum i Fyresdal er halvanna mil lang, og den gongen det budde folk på Skålid, gjekk dei vegen på sine bein. Det vart for tungvint i lengda. I 1952 flytte dei, og sidan den tid har garden lege brakk.
Ein av dei som drog, var Kjetil Skålid. Han var 12 år gammal då foreldra låste døra for godt. Han kom til å bli far til ei jente, Elin, og alt i unge år gjekk ho med draumen om å busetje seg på garden som faren kom frå.
Ho tok agronomutdanning, og på landbrukshøgskulen på Ås slo ho seg saman med ein bygut frå Skien, Tor Bolstad Jensen, som delte hennar interesse for dyr og jordbruk.
 |
| Elin og Tor satsar på Skålid (Foto: Tor Sivertstøl/ NRK) |
Stort arbeid
Etter å ha pakta ein gard i mange år tok dei i fjor det store spranget og flytte til den einslege fjellgarden Skålid, som hadde vore overlaten til seg sjølv i meir enn 50 år. Med på flyttelasset var tre born, i alderen seks til elleve.
Planen var klar. Dei skulle ale opp ein krøterflokk og starte kjøtproduksjon. I tillegg vona dei å ta imot turistar, slik besteforeldra til Elin i alle år hadde gjort.
Men arbeidet som venta, var stort. Veg måtte byggjast, husa måtte vølast og utvidast, skog måtte ryddast for å få det gamle beitelandskapet i hevd, og mykje utmark måtte leggjast under plogen for at dei skulle kunne fø ein buskap som var til å leve av. Og ikkje minst måtte dei byggje kraftverk.
Mykje står att
Enno er dei berre midt i byggjeprosessen. Enno har dei ikkje flytt inn i den store, nye tømmerstova si, og enno er ikkje straumen kommen i hus. Målet er at juletreet skal ha elektriske lys i år.
Men gamlestova på garden skal framleis vere straumlaus. Der skal romantikken leve. Der planlegg dei dessutan å ta imot musikarar som vil spele inn plater. Musisering i ei 250 år gammal stove med levande lys på veggene må vere eit stemningsskapande studio, meiner dei to. Mykje glede av å synge og spele har dei sjølve også.
Dessutan har dei flust av pågangsmot. Tida vil vise om dei vil finne ei god framtid der oppe i einsemda.