Om Solgt!

Solgt!

I programserien Solgt blir representanter fra to meglerhus røsket opp fra sine vante territorier og sluppet ned i et ukjent marked, et helt annet sted i landet. Her skal de konkurrere om å gjette pris på tre ulike boliger. Meglerne vet ikke hvor de skal og får ingen hjelpemidler. Salgsprisen er hemmelig... Hvilket lag tipper riktigst? Det står om om ære eller vanære! Programleder er Frode Søreide. Solgt går på NRK1 torsdager kl.20.15. Premiere 15 september på NRK1

Tidligere sendinger

NRK1, mandag 13.2.2012 kl. 17.10

Solgt!

Dokumentarserie. Kva kostar eit hus i Spania med privat diskotek i kjellaren? Bustadmarknaden i nordmenn sin feriefavoritt har opplevd kollaps - og meklarane hamnar totalt på glattisen når dei skal tippe salspris på tre ulike eigendommar. Programleiar Frode Søreide lovar sol, sommar og sydenluksus frå Gran Canaria. Sesong 3 (14:14)

NRK1, fredag 10.2.2012 kl. 17.10

Solgt!

Dokumentarserie. Kva kostar det å bli hyttenabo med Røkke? Solgt! har reist til Oppdal for å tippe hytteprisar. I tillegg til ei luksuriøs hytte i "Røkkelia" besøker vi ei lita fjellhytte utan vatn og straum på snaufjellet. Til slutt ei hytte i det som blir kalla "Norges vakraste seterdal" - Gjevilvassdalen. Til å tippe pris har programleiar Frode Søreide tatt med seg meklarar frå Haugesund og Oslo. Sesong 3 (13:14)

NRK1, torsdag 9.2.2012 kl. 17.10

Solgt!

Dokumentarserie. Kva kostar ein gamal landhandel? Det blir ei av utfordringa når Solgt! tek turen til Lillestrøm og Skedsmo kommune for å tippe bustadprisar. Nærleiken til Oslo og Gardermoen har gitt kommunen eventyrleg vekst både i næringsliv og bustadprisar. Programleiar Frode Søreide tek også med meklarane i ei sentrumsleilegheit og til Volla som er eit av dei dyraste områda i Lillestrøm. Sesong 3 (12:14)

NRK1, tirsdag 7.2.2012 kl. 17.10

Solgt!

Dokumentarserie. Miljøhus er i fokus i Solgt! i kveld. I framtida blir det viktig å bygge hus som brukar lite energi - men ekspertane er usamde om kva som er beste løysinga. Solgt! har reist til Hordaland for å sjå nærare på tre typar miljøhus. Meklarane si utfordring blir å finne ut kva det kosta å bygge dei. Programleiar Frode Søreide har med seg meklarar frå Lillehammer og Oslo. Sesong 3 (11:14)

NRK1, mandag 6.2.2012 kl. 17.10

Solgt!

Dokumentarserie. Solgt! tar turen til Mjøsa og Hamar for å tippe bustadprisar. På menyen står ei ærverdig sentrumsleilegheit i jugendstil, eit Tyrolerinspirert hus utanfor byen og ei perle av eit funkishus i vakre Brumunddal. Til å tippe pris har programleiar Frode Søreide tatt med seg meklarar frå Oslo og Trondheim. Sesong 3 (10:14)

NRK1, fredag 3.2.2012 kl. 17.10

Solgt!

Dokumentarserie. Fire meklarar frå Asker og Stavanger blir tatt med til Lofoten for å tippe bustadprisar. Du kan trygt seie det blir eit prissjokk. Eit nedlagt fiskebruk på 1000 kvadratmeter og ei rorbu i idylliske Nusfjord står på menyen når Solgt! besøker Lofoten. Programleiar er Frode Søreide. Sesong 3 (9:14)

NRK1, torsdag 2.2.2012 kl. 17.10

Solgt!

Dokumentarserie. Kva kostar eit hus i Olav Thon sitt nabolag? I Solgt! gjestar vi eigedomskongen sitt nabolag på Sollihøgda. I tillegg tek vi pulsen på bustadprisane i eit av landet sine mest pengesterke kommunar - Asker og Bærum. Programleiar Frode Søreide har tatt med seg meklarar frå Møre og Romsdal og Stavanger til å tippe pris. Sesong 3 (8:14)

NRK1, onsdag 1.2.2012 kl. 17.10

Solgt!

Dokumentarserie. Solgt reiser til Grenland. Området ligg strategisk til mellom Kristiansand og Oslo, men har likevel nokre av landets lågaste bustadprisar. Det skapar trøbbel for meklarane frå Bergen og Tromsø når dei skal tippe pris på tre ulike eigendommar i området. Programleiar Frode Søreide byr på alt frå eit oppussingsobjekt i Langesund til hus med eige basseng langs elvekanten. Sesong 3 (7:14)

NRK1, tirsdag 31.1.2012 kl. 17.10

Solgt!

Dokumentarserie. Det er duka for studentkamp i Solgt. Meklarstudentar frå Høgskulen i Telemark møter meklarstudentar frå BI i Oslo. Kven er best på å tippe bustadprisar? Vi tar dei med til Kristiansund, der dei får prøve seg som ekte meklarar. Og ekstra utfordrande blir det når programleiar Frode Søreide tek dei med til eit småbruk som strekker seg over tre øyer. Sesong 3 (6:14)

NRK1, mandag 30.1.2012 kl. 17.10

Solgt!

Dokumentarserie. Stadig fleire flyktar frå høge bustadprisar i dei store byane, og ein av stadane folk flyktar til, er indre Østfold. Meklarar frå Nordland og Kristiansand skal tippe prisen på tre selde hus i Askim, Spydeberg og Mysen. Ei av utfordringane er ein gamal, ærverdig direktørbustad på nesten 500 kvadratmeter. Programleiar er Frode Søreide. Sesong 3 (5:14)

Eldre sendinger