Tidligere sendinger

NRK1, søndag 10.10.2010 kl. 23.20

Saltön

Svensk dramaserie basert på Viveca Lärns bøker "Varmebølge" og "Aprilvær". Sesong 3. (4:4) I den siste episoden går livet vidare etter dødsfall og Odds sjokkerande avsløring. Når Ludvig, med sitt dårlege rykte, dukkar opp på Saltön, forelskar han seg i ei ung mørk skjønnheit. Med Tomas von Brömsen, Anki Larsson, Ulla Skoog, Per Myrberg, Hanna Bogren, Dag Malmberg m.fl.

NRK1, søndag 3.10.2010 kl. 23.25

Saltön

Svensk dramaserie basert på Viveca Lärns bøker "Varmebølge" og "Aprilvær". Sesong 3. (3:4) Pyromanen spreier skrekk og held folk søvnlause. 50-årsfesten til Emily blir ikkje heilt som ho har tenkt seg, og Kabben har funne ungdomskjærasten sin Gertrud MacFie og er i den sjuande himmel. Når øybuarane møtest for å minnast ein kjær gammal venn, kjem nokre ubedne gjester med ei mildt sagt sjokkerande avsløring. Med Tomas von Brömsen, Anki Larsson, Ulla Skoog, Per Myrberg, Hanna Bogren, Dag Malmberg m.fl.

NRK1, søndag 26.9.2010 kl. 23.25

Saltön

Svensk dramaserie basert på Viveca Lärns bøker "Varmebølge" og "Aprilvær". Sesong 3. (2:4) Den mystiske pyromanen held fram med å skape frykt hos dei fastbuande, og når Kabbens ungdomskjærast Gertrud dukkar opp på øya, blir Odd sjalu. Johanna får eit litt uvanleg tilbod av Bengt, og for å sleppe å invitere han heim tyr ho til drastiske tiltak. Med Tomas von Brömsen, Anki Larsson, Ulla Skoog, Per Myrberg, Hanna Bogren, Dag Malmberg m.fl.

NRK1, søndag 19.9.2010 kl. 23.20

Saltön

Svensk dramaserie basert på Viveca Lärns bøker "Varmebølge" og "Aprilvær". Sesong 3. (1:4) Vi får på nytt møte dei fargerike karakterane som er i gong med nye prosjekt, og det dukkar og opp nye personar på Saltön. Men det vert panikk i skjergardsidyllen da ein pyroman kjem til øya. Med Tomas von Brömsen, Anki Larsson, Ulla Skoog, Per Myrberg, Hanna Bogren, Dag Malmberg m.fl.

Eldre sendinger