Tidligere sendinger
Köping Hillbillies
Svensk dokumentarserie.(8:8) Rullestolrugbylaget står framfor den tøffaste utfordringa til no. Dei skal spele mot det sterkaste laget, Malmö Griffins. Framtida til karane i Köping Hillbillies ser ulik ut. Jocke ser Eddie vekse opp, Glenn og Tessan vil slå seg saman. Men kvifor oppfattar andre at Roger er dum i hovudet, og kva skjer med "Norrland"?
Köping Hillbillies
Svensk dokumentarserie. (7:8) Endeleg startar den svenske meisterskapen for rullestolrugbylaget. Dei skal spele mot Göteborg Lions. Glenn dreg for første gong tilbake til vegen der han køyrde inn i eit tre for fem år sidan. Då blei livet hans forandra for alltid. Stefan tøffar seg på hockeybanen og "Norrland" elskar å bli tatt med til IKEA når det er Martine som tek initiativet. Eller?
Köping Hillbillies
Svensk dokumentarserie. (6:8) Korleis ha sex når ein er lam og ikkje har følelsar i alle delar av kroppen? Glenn, Jocke og "Norrland" fortel ope om dette. Korleis hamna forresten Stefan i rullestol? Laget får ein ny spelar. Gjer det noko med vinnarsjansane til laget?
Köping Hillbillies
Svensk dokumentarserie. (5:8) Stefan får hjelp av kameratane til å flytte verdas lengste sofa, og "Norrland" får nokre byarkitektar til å køyre rullestol i byen dei har teikna. Jocke har stukke frå familien for å kjøpe enda ein bil og hadde håpa at dei skulle bli glade då han kom heim.
Köping Hillbillies
Svensk dokumentarserie. (4:8) Treningane for rullestolrugbylaget fell totalt saman og Roger blir irritert på måten dei andre agerar. "Norrland" viser Martina sjøen der han braut nakken ei varm sommarnatt. Stefan dreg på tur med kajakk og har rullestolen med i båten. Jocke forklarar korleis ein kan gjere frå seg utan musklar i magen. Glenn og Tessan planlegg ei kjærleiksreise, men møter fordommar.
Köping Hillbillies
Svensk dokumentarserie. (3:8) Stefan skaffar sponsorar til rugbylaget på ei messe og får eit raust tilbod. Roger konkurrerar i crosskart medan far hans klandrar seg sjølv for at han ivra for å få sonen interessert i motorsport. Hadde han ikkje det, ville han ikkje ha sete i rullestol no. "Norrland" tar Martina med heim til familien, medan jenta til Glenn dreg avgarde på den nye MC'en sin.
Köping Hillbillies
Svensk dokumentarserie. (2:8) Dei fem karane i rullestolrugbylaget KH har alle vore ramma av alvorlege ulukker, men målet er å bli det beste laget i Sverige. No har dei problem med motivasjonen og kjempar for å overleve. Jocke dreg tilbake til dammen der han braut nakken for ni år sidan, og fortel om den grusomme natta. Stefan kjøper leilegheit utan å seie frå til kjærasten, medan Glenn og Tessan røpar at dei hadde det tungt etter at Glenn blei skadd.
Köping Hillbillies
Svensk dokumentarserie. (1:8) Dei fem karane i rullestolrugbylaget KH har alle vore ramma av alvorlege ulukker, men ser helst ikkje på seg sjølve som funksjonshemma. Jocke fortel at han fekk barn sjølv om legen sa at det var umogeleg. Stefan får problem som kan ramme heile rugbylaget.
Köping Hillbillies
Svensk dokumentarserie.(8:8) Rullestolrugbylaget står framfor den tøffaste utfordringa til no. Dei skal spele mot det sterkaste laget, Malmö Griffins. Framtida til karane i Köping Hillbillies ser ulik ut. Jocke ser Eddie vekse opp, Glenn og Tessan vil slå seg saman. Men kvifor oppfattar andre at Roger er dum i hovudet, og kva skjer med "Norrland"?
Köping Hillbillies
Svensk dokumentarserie. (7:8) Endeleg startar den svenske meisterskapen for rullestolrugbylaget. Dei skal spele mot Göteborg Lions. Glenn dreg for første gong tilbake til vegen der han køyrde inn i eit tre for fem år sidan. Då blei livet hans forandra for alltid. Stefan tøffar seg på hockeybanen og "Norrland" elskar å bli tatt med til IKEA når det er Martine som tek initiativet. Eller?
Eldre sendinger
Kontakt
Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.
Liknende programmer
Aktuelle programmer: Fakta, forbruker og dokumentar
- 330 Skvadronen
- Barnet som ikke kunne vokse
- Billedbrev
- Bondeknølen
- Bondi Beach
- Dagens dokumentar
- Demeters åkre
- Der ingen skulle tru at nokon kunne bu
- Det beste fra Ekko
- Doktor Åsa
- Drømmehager
- Ekko - et aktuelt samfunnsprogram
- Festen er over - Vesten er blakk
- Giellamet
- Historier om økonomisk krise
- Hund i huset
- Interiørhelvete
- Karanba!
- Leger i praksis
- Louis Theroux
- Lykken er en bløff
- Millionær i forkledning
- Monday Documentary & The Interview
- Munter mat
- Natur og vitenskap
- Niklas' gourmetreise
- Norgesglasset
- P3 Dokumentar
- Palme ved reisens slutt - en vemodig roadmovie
- Perler fra platearkivet
- På livet laus
- Radio Migrapolis
- Radiodokumentaren
- Solens mat
- Spanske fristelser
- Underkastelsen
- Utenfor kartet
- Verden i går
- Verdibørsen
- Vigdís, den dumdristige
- Viten om