Tidligere sendinger

NRK2, søndag 19.7.2009 kl. 19.55

John Adams

Amerikansk dramaserie frå 2008. (7:7) Stjernespekka og prisløna miniserie frå HBO om ein historisk mann og fødselen til ein nasjon. Adams skriv sine memoarar og opplever fleire tragediar i familien. Dottera Nabby døyr av kreft, og nokre år seinare må Abigail gi etter for tyfus. Han finn trøyst hos sin gamle ven og motstandar Jefferson, eit venskap som varar livet ut. Med Paul Giamatti, Laura Linney, Tom Wilkinson, Stephen Dillane, David Morse og fleire. Produsert av Tom Hanks og Gary Goetzman.

NRK2, lørdag 18.7.2009 kl. 22.10

John Adams

Amerikansk dramaserie frå 2008. (7:7) Stjernespekka og prisløna miniserie frå HBO om ein historisk mann og fødselen til ein nasjon. Adams skriv sine memoarar og opplever fleire tragediar i familien. Dottera Nabby døyr av kreft, og nokre år seinare må Abigail gi etter for tyfus. Han finn trøyst hos sin gamle ven og motstandar Jefferson, eit venskap som varar livet ut. Med Paul Giamatti, Laura Linney, Tom Wilkinson, Stephen Dillane, David Morse og fleire. Produsert av Tom Hanks og Gary Goetzman.

NRK2, søndag 12.7.2009 kl. 18.50

John Adams

Amerikansk dramaserie frå 2008. Stjernespekka og prisløna miniserie frå HBO om ein historisk mann og fødselen til ein nasjon. Del 6: Adams held fast på sin anti-krigspolitikk, trass i fransk aggresjon og stemninga hos sine rådgjevare. I mellomtida står han overfor ei krise på hjemmebane, då sonen Charles døyr. Med Paul Giamatti, Laura Linney, Tom Wilkinson, Stephen Dillane, David Morse og fleire. Produsert av Tom Hanks og Gary Goetzman.

NRK2, søndag 5.7.2009 kl. 19.55

John Adams

Amerikansk dramaserie frå 2008. Stjernespekka og prisløna miniserie frå HBO om ein historisk mann og fødselen til ein nasjon. Del 5: Som den fyrste visepresidenten i America er Adams frustrert over å bli utelate frå den inste sirkelen til president Washington. I 1796 blir han vald til president, med bare tre fleire stemmer enn Jefferson. Med Paul Giamatti, Laura Linney, Tom Wilkinson, Stephen Dillane, David Morse og fleire. Produsert av Tom Hanks og Gary Goetzman.

NRK2, søndag 28.6.2009 kl. 18.55

John Adams

Amerikansk dramaserie frå 2008. (4:7) John Adams er ikkje ein av dei legendariske amerikanske presidentane, men han er av mange rekna som den som fyrst forma USA. Stjernespekka og prisløna miniserie frå HBO om ein historisk mann og fødselen til ein nasjon. Del 4: Abigail blir ført saman att med sin mann i Paris, men etter kort tid blir han sendt til London, som landets fyrste minister i England. Der har han dramatiske og minneverdige møte med King George III, før han og Abigail endeleg kan reise heim til Boston og deira barn. Med Paul Giamatti, Laura Linney, Tom Wilkinson, Stephen Dillane, David Morse og fleire. Produsert av Tom Hanks og Gary Goetzman.

NRK2, søndag 21.6.2009 kl. 23.55

John Adams

Amerikansk dramaserie frå 2008. (3:7) John Adams er ikkje ein av dei legendariske amerikanske presidentane, men han er av mange rekna som den som fyrst forma USA. Stjernespekka og prisløna miniserie frå HBO om ein historisk mann og fødselen til ein nasjon. Del 3: Adams må på nytt skiljast frå kona si, då han blir utnemnt til minister i Frankrike, saman med Benjamin Franklin. Abigail insisterer på at han tek med seg sonen deira, John Quincy, og far og son har ei hard sjøreise framfor seg. Med Paul Giamatti, Laura Linney, Tom Wilkinson, Stephen Dillane, David Morse og fleire. Produsert av Tom Hanks og Gary Goetzman.

Eldre sendinger

Kontakt

Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.

Omtale

NRK skriver programomtaler for rundt 5000 programmer hvert år. Her har vi samlet alle programomtaler som gjelder John Adams. Legg merke til at det ikke nødvendigvis er skrevet omtaler av alle program.

Ansvarlig redaktør Hans-Tore Bjerkaas - Opphavsrett NRK © 2009 - Kontakt NRK