Kommende sendinger

NRK Super, lørdag 26.5.2012 kl. 13.35

Dyra i Hjorteparken

Europeisk animasjonsserie. (7:13) Det er store endringar for dyra frå Dyreskogen. Moldvarpen er død, og det kan ikkje grevlingen forstå. Den blå reven er stadig ute for å ta raudrevungane, men han greier det ikkje.

NRK Super, søndag 27.5.2012 kl. 13.35

Dyra i Hjorteparken

Europeisk animasjonsserie. (8:13) Den blå reven har prøvd å ta Vågal. Han kjem seg unna, men kan ikkje lenger leve innanfor området til dyra frå Dyreskogen. Det er ikkje plass til både han og faren, og han dreg av stad for godt.

NRK Super, lørdag 2.6.2012 kl. 13.35

Dyra i Hjorteparken

Europeisk animasjonsserie. (9:13) Arrfjes har drepe haremora. No vil raudreven ha ein slutt på striden i Hjorteparken. Han sender difor ein bodskap til hoggormen gjennom røyskatten og kjæresten hennar.

NRK Super, søndag 3.6.2012 kl. 13.35

Dyra i Hjorteparken

Europeisk animasjonsserie. (10:13) Vågal forstår at jakttida hans er over. Han blir redda av ein grevling og ei kråke. Etter råd frå kråka, tek Vågal seg inn til ein by. Her er det lettare å finne mat.

NRK Super, lørdag 9.6.2012 kl. 13.35

Dyra i Hjorteparken

Europeisk animasjonsserie. (11:13) Vågal treffer ein horev, og dei slår seg saman. Arrfjes vaktar på hoggormen, slik at ho ikkje kan kome ut av hola si. Den gamle grevlingen døyr fredfullt. Vågal får vite av maken sin at ho ventar ungar.

NRK Super, søndag 10.6.2012 kl. 13.35

Dyra i Hjorteparken

Europeisk animasjonsserie. (12:13) Vågal og maken hans er på veg til Hjorteparken for å finne ein heim til ungane dei ventar.

NRK Super, lørdag 16.6.2012 kl. 13.35

Dyra i Hjorteparken

Europeisk animasjonsserie. (13:13) Det har vore ein kamp på liv og død mellom Arrfjes og raudreven. Arrfjes er såra, og han hinker bort for å slikke såra sine. Det går mot slutten for Vågal. Foreldra hans får teke farvel med han.

Tidligere sendinger

NRK Super, søndag 20.5.2012 kl. 13.35

Dyra i Hjorteparken

Europeisk animasjonsserie. (6:13) Den eine blårevungen blei skoten av snikskyttarar. Hjortane jaga jegarane ut av skogen da dei prøvde seg på nytt. Men den neste gongen dei kom, vart dei lura av raudreven.

NRK Super, lørdag 19.5.2012 kl. 13.35

Dyra i Hjorteparken

Europeisk animasjonsserie. (5:13) Den raude reven har redda alle dyra i Hjorteparken frå jegarar. Dyra frå Dyreskogen har gått saman om å samle mat for å greie seg gjennom vinteren.

NRK Super, søndag 13.5.2012 kl. 13.35

Dyra i Hjorteparken

Europeisk animasjonsserie. (4:13) Røyskatten er blitt spion for den blå reven. Reven vil vite kvar dei andre har funne mat. Men snart får dyra frå Dyreskogen andre ting å tenkje på.

NRK Super, lørdag 12.5.2012 kl. 13.35

Dyra i Hjorteparken

Europeisk animasjonsserie. (3:13) Dyra frå Dyreskogen har fått sitt eige område i Hjorteparken, og dei må ikkje jakte utanfor dette. Dei andre dyra i Hjorteparken vil helst ha heile parken for seg sjølve.

NRK Super, søndag 6.5.2012 kl. 13.35

Dyra i Hjorteparken

Europeisk animasjonsserie. (2:13) Livet i Hjorteparken blir ikkje så lett for dyra frå Dyreskogen. Innbyggjarane på den nye staden likar ikkje dei nykomne.

NRK Super, lørdag 5.5.2012 kl. 13.35

Dyra i Hjorteparken

Europeisk animasjonsserie. (1:13) Dyra som flykta frå Dyreskogen, har no komne til Hjorteparken. Der skal dei begynne eit nytt liv.

NRK Super, torsdag 12.1.2012 kl. 12.15

Dyra i Hjorteparken

Europeisk animasjonsserie. (13:13) Dei kvite hjortane har kjempa om kven som skal bli leiar etter Grabb. Heldigvis for dyreskogdyra blir det Bas. Samstundes har Ugle og Brugle kome tilbake til Hjorteparken. Bølla samlar rottene til eit siste og endeleg åtak. Det ser ut til at rottene vil seire, men så kjem røyskattane til hjelp.

NRK Super, onsdag 11.1.2012 kl. 12.15

Dyra i Hjorteparken

Europeisk animasjonsserie. (12:13) Moses varslar at det blir orkan, men dei andre dyra trur ikkje noko på dette. Dei føler seg trygge. Ugle blir brukt som fotball av nokre barn. Under kampen sprekk sementkappa. No vil ho ha med seg hannugla Brugle til Hjorteparken. I Hjorteparken gjer orkanen stor skade. Grabb er skadd og må ha hjelp. Kveil er drepen, og Hoggorm vil ha hemn. Men greier dyreskogdyra å overleve?

NRK Super, tirsdag 10.1.2012 kl. 12.15

Dyra i Hjorteparken

Europeisk animasjonsserie. (11:13) Padde har fått ein rotteven som heiter Brodd. Bandet mellom dei to blir sterkare og sterkare. Men Brodd spionerar for Bølla. Stakkars Ugle er innkapsla i sement. Kva skal hannugla gjere for å hjelpe henne? Padde blir overfallen av rottene. Det blir verre og verre for Dyreskogdyra å greie seg.

NRK Super, mandag 9.1.2012 kl. 12.15

Dyra i Hjorteparken

Europeisk animasjonsserie. (10:13) Røyskattane reiste frå Hjorteparken fordi dei kjende seg truga. Men dei kjem i konflikt med andre dyr og er stadig på flyttefot. Ungane leikar med ein grisunge, men foreldra vil gjerne bli kvitt grisungen og finn ei løysing på problemet. Rev legg ein plan for å varsle vaktaren av Hjorteparken. Dyra må ha hjelp mot rottene.

Eldre sendinger

Kontakt

Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.

Liknende programmer

Aktuelle programmer: Barn