Tidligere sendinger

NRK1, søndag 4.4.2004 kl. 08.30

Dyra frå Hjorteparken

Dei kvite hjortane har kjempa om kven som skal bli leiar etter Grabb. Heldigvis for dyreskogdyra blir det Bas. Samstundes har Ugle og Brugle kome tilbake til Hjorteparken. Bølla samlar rottene til eit siste og endeleg åtak. Det ser ut til at rottene vil seire, men så kjem røyskattane til hjelp. (13) Bølla, Bølla, Bølla. Siste del av ein europeisk samproduksjon.

NRK1, søndag 28.3.2004 kl. 08.30

Dyra frå Hjorteparken

Moses varslar at det blir orkan, men dei andre dyra trur ikkje noko på dette. Dei føler seg trygge. Ugle blir brukt som fotball av nokre barn. Under kampen sprekk sementkappa. No vil ho ha med seg hannugla Brugle til Hjorteparken. I Hjorteparken gjer orkanen stor skade. Grabb er skadd og må ha hjelp. Kveil er drepen, og Hoggorm vil ha hemn. Men greier dyreskogdyra å overleve? (12) På heimveg. Europeisk samproduksjon.

NRK1, søndag 21.3.2004 kl. 08.30

Dyra frå Hjorteparken

Padde har fått ein rotteven som heiter Brodd. Bandet mellom dei to blir sterkare og sterkare. Men Brodd spionerar for Bølla. Stakkars Ugle er innkapsla i sement. Kva skal hannugla gjere for å hjelpe henne? Padde blir overfallen av rottene. Det blir verre og verre for Dyreskogdyra å greie seg. (11) Orkanen. Europeisk samproduksjon.

NRK1, søndag 14.3.2004 kl. 08.30

Dyra frå Hjorteparken

Røyskattane reiste frå Hjorteparken fordi dei kjende seg truga. Men dei kjem i konflikt med andre dyr og er stadig på flyttefot. Ungane leikar med ein grisunge, men foreldra vil gjerne bli kvitt grisungen og finn ei løysing på problemet. Rev legg ein plan for å varsle vaktaren av Hjorteparken. Dyra må ha hjelp mot rottene. (10) Moldvarpleiken. Europeisk samproduksjon.

NRK1, søndag 7.3.2004 kl. 08.30

Dyra frå Hjorteparken

Krigen mot rottene er i gang. Hoggorm og Kveil gjer så godt dei kan for Dyreskogdyra og går til åtak på hovudkvarteret til rottene. Samtidig har Modig greidd å flykte frå menneskja. Ugle møter ei flott hannugle som ho forelskar seg i, men så er ulykka ute. (9) Eit stort grynt. Europeisk samproduksjon.

NRK1, søndag 29.2.2004 kl. 08.35

Dyra frå Hjorteparken

Hjortane har brunsttid og hannane kjempar om kven som er sterkast. Den som vinn bli leiar av flokken det neste året. Dyreskogdyra er sikre på at Grabb vil halde fram som leiar. Samtidig blir rottene djervare og trugar Rev på hans eige område. (8) Livredd for ormar. Europeisk samproduksjon.

NRK1, søndag 22.2.2004 kl. 08.30

Dyra frå Hjorteparken

Modig, soneson til Rev har forsvunne. Rev spør Plystre om å leite etter han. Ugle er på jakt etter ein make. Ho har no kome tilbake til Dyreskogen og ser at no fins det berre eit stort bøketre att av heile skogen. I Hjorteparken blir det fleire og fleire rotter. (7) Dei langhala gjestene. Europeisk samproduksjon.

NRK1, søndag 15.2.2004 kl. 08.30

Dyra frå Hjorteparken

Bølla, leiaren for rottene, vil ta over Hjorteparken. Dei andre dyra forsvarar seg så godt dei kan, men saknar røyskattane i denne kampen. Ugla har også reist sin veg. (6) Eit vågestykke for fuglar. Europeisk samproduksjon.

NRK1, søndag 8.2.2004 kl. 08.35

Dyra frå Hjorteparken

Livet i Hjorteparken har vorte vanskeleg for dyra frå Dyreskogen. Vatnet i elva er farleg, og rottene blir fleire og fleire. Dyr forsvinn, og reven kallar inn til møte. (5) Krangel og uro. Europeisk samproduksjon.

NRK1, søndag 1.2.2004 kl. 08.35

Dyra frå Hjorteparken

Livet i Hjorteparken har vorte vanskeleg for dyra frå Dyreskogen. Vatnet i elva er forgifta, og leiaren for hjorteflokken forbyr dei å drikke det reine vatnet i dammen. (4) Venene til den bortkomne reven. Europeisk samproduksjon.

Eldre sendinger

Kontakt

Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.

Liknende programmer

Aktuelle programmer: Barn