| OVERSIKT | NYHETER | SPORT | MUSIKK | UNDERHOLDNING | FILM | LITTERATUR | MAT | BARN | UPUNKT |
![]() | ![]() |
Her er du: NRK > Programmer > Radioarkiv > Sånn er livet > Samfunn > Portrett | Oppdatert 22.11.2004 15:22 |
| Fredsinspirator og krigsprodusent Alfred Nobel Publisert 31.08.2001 12:40 - Oppdatert 22.11.2004 15:22
Det er Nobel-jubileum i år. I hundre år har Nobel med sine 5 ulike prisar inspirert vitskapsmenn og fredsarbeidarar over heile verda. Norge fekk æra av å dela ut fredsprisen. FamiliedraumenAlfred Nobel var fødd i Stockholms fattigstrøk i 1833. Andrietta og Immanuel Nobel fekk tre søner der, Robert, Ludvig og Alfred. Immanuel, faren var mekanikar utan udanning, men med store draumar. Ein gong skulle han visa kva han var god for! Likeeins hadde han store tankar også med sine søner. Det såg smått ut. Det vart fattigskule på gutane og tigging for å få endane til å møtast. Men då familien omsider busette seg i Petersburg og seinare i Russland, vart livet eit anna for dei alle, i arbeidet med sprengstoff.Alfreds ambivalens.Til fars store sorg leikte Alfred med tanken om å bli forfattar. Han gjorde alt for å få sonen bort frå kunstnargrillene - og greidde det. 29 år gamal fekk Alfred Nobel sin første suksess, og året etter hadde han verdenspatent på nitroglyserine og starta sin første fabrikk på Søder i Stockholm ilag med bror sin. Seinare vart det fabrikkar over heile Europa, og den unge Nobel heldt fram med å eksprimentera. I 1867 tok han patent på dynamitten, ein patent som skulle føra til stor rikdom.Einsam brevskrivarEttersom rikdomen auka, var det mange som ville bli vener med Nobel. Det syntes han lite om. Sjølv om han reiste mykje, vart kontakten med andre mest via brev. Han kunne skriva 30 og dagen, mange til kvinner som stod han nær. Ei av dei var den unge fattigjenta Sophie som han brukte mykje pengar på, men som aldri nådde til hans inste.Den andre viktige kvinna i Nobels liv, vart Bertha von Suttner, pasifisten og forfattaren som sjølv fekk fredsprisen i 1905 - og som mange meiner var fredsprisens "mor". Gerd Grønvold Saue har skreve boka som har tittelen "Fredsfurien" - om Bertha von Suttners liv og har også interessert seg for mannen Bertha tok teneste hos, Alfred Nobel. Av Åshild Ulstrup På livet laus, NRK P2, 2. september 2001
|
08.11.2001 13:37 Allen Ginsberg og Jack Kerouac 05.09.2001 11:03 Egil Ulateig 31.08.2001 12:40 Alfred Nobel 16.05.2001 09:15 Atomoffer – uten å vite |
| Copyright NRK © 2001 - Telefon: 815 65 900 - E-post: info@nrk.no - 21.12.2008 12:11 |