OVERSIKT NYHETER SPORT MUSIKK UNDERHOLDNING FILM LITTERATUR MAT BARN UPUNKT
NRK Historie

Her er du: NRK > Programmer > Radioarkiv > Sånn er livet > Samfunn > Historie

Oppdatert 10.10.2001 10:21

HISTORIE

Kvardagsliv - banner
SAMFUNN
 

50-årsjubilantane

Publisert 22.08.2001 14:21 - Oppdatert 22.08.2001 14:34

Førstkomande søndag vil 90 ungdomar få sitt første møte med Voss folkehøgskule. I mai dette året samlast elevar som hadde sin fyrste skuledag hausten l951. Åshild Ulstrup var ein av 50-årsjubilantane - med mikrofonen med seg.

50 år - frå 16 til 66 - er eit stort sprang i livet. Det meste har hendt med oss i desse åra. Då Åshild Ulstrup ilag med to skuleveninner tok reisa til sitt eige 50-årsjubilleum, var det mange tankar og mangt eit spørsmål som melde seg.

-Er det sånn du ser ut - nå?

Det første som slår oss ved alle jubilé er forandringane i dei andre. Er det gått 50 år, er det ikkje så lett å dra kjensel på guten som svinga oss i dansen eller jenta vi gjerne skulle likna. Så tar det ikkje lange tida før vi er der vi var - dengong - og samstundes oppdagar at vi er jo dei same. Guten og jenta lever i oss. Men dei 50 åra som skiljer, kva vart det av dei? Og den gamle læraren som trylla oss inn i kunstens landskap, 93-åringen Ingjald Bolstad - vil han vera på festen?

- Venskapet som held

Folkehøgskulen på Voss samla ungdomar frå heile landet. Mangt eit venskap blir til gjennom året på internatet. Åshilds besteveninner vart trønderjentene Skjoldvor Wiseth og Inger Johanne Strugstad.

Åshild kom til skulen fordi det var tradisjon i familien. Skjoldvor drog for å få svar på livsens store spørsmål - og Inger Johanne for å oppfylde fars ynskje om å bli inspirert av høgskuleånda.50 år etter sit dei ilag på toget til Voss -jubilantane.

-å halda striden ut

Togturen for 50 år sidan var for mange med bankane hjarto. Kva venta?

Også i 2001 set tre jenter - litt spente. Åshilds minnebok vert granska. Alvoret i minnene undrar oss. Serleg ligg ei tyngsle over gutane sine dikt - som mange handla om "-å halda striden ut."

Kva seier gamlekarane idag?


Av Åshild Ulstrup
Sånn er livet, NRK P2, 23. august 2001



Historie - Sånn er livet
Mystiske steder i Norge (01.10.2001)
-Israelere lider av en overdose moral (13.06.2001)
Skrekkens og håpets hus  (29.05.2001)
Møllergata skolekorps 100 år (14.05.2001)
Været i Nord-Norge - heksenes og satans verk. (19.03.2001)
"Eg gjette Tulla..." (21.12.2000)
Mannen som fløy (15.12.2000)


 
 
SØK

10 SISTE HISTORIE
01.10.2001 12:39
Mystiske steder i Norge
22.08.2001 14:21
50-årsjubilantane
11.07.2001 14:43
Politikk og paranoia
29.04.2001 21:49
Dra til Bloksberg!

Copyright NRK © 2001   -  Telefon: 815 65 900  -   E-post: info@nrk.no   -   21.12.2008 12:11