| OVERSIKT | NYHETER | SPORT | MUSIKK | UNDERHOLDNING | FILM | LITTERATUR | MAT | BARN | UPUNKT |
![]() | ![]() |
Her er du: NRK > Programmer > Radioarkiv > Sånn er livet > Samfunn > Historie | Oppdatert 10.10.2001 10:21 |
| Havet - kjærleiken og døden Publisert 20.07.2001 14:04 - Oppdatert 20.07.2001 14:05
Havet - det uendelege - som går frå kyst til kyst og ber på historier frå heile verda. Menneskje som trødde sine fyrste steg ved havkanten, vil alltid kjenna dragninga tilbake - i minne på godt, men også vondt. -Kvifor gret du, mor?
Halvor Geitung var redd havet, men måtte bli fiskar som dei andre på den vesle øya i Nordsjøen. Det vart mang ein kamp mellom båane, og det vart dikt: "Eg slit meg så hardt om neset - åleine...." Forfattaren Arvid Hanssen minnest uroa alle gongene ungane gjekk att og fram i fjøresteinane og venta på at foreldra skulle koma tilbake frå handelsmannen. I uveret kunne dei ikkje alltid sjå båten, men lyttinga etter åretaka var intens. Når draugen segla omkappDei gamle snakka mykje om uver. Bjørgulf Aakra minnest bestefar sin som segla i open båt frå Sunnhordland til Lofoten for å fiska torsk som han tørka og seinare selde på Sørlandet.Det var farlege ferder, men døden skulle ein orsaka, om den kom til havs eller i båtstøa. Når draugen viste seg og segla omkapp med båten, var tida omme.Petra Gjertsen miste far sin i brenningane då ho var to år gamal. På dåpskjolen og lua vart det sydd på svarte sørjeband. Angsten for havet som tok faren ifrå henne, gjorde at ho valde ein smed og ikkje ein fiskar som ektemann. Likevel - ho kunne ikkje leva utan føtene i havet. Slik havet stadig heldt taket kring sine born - i lengten og leiken og den utfordring som ligg i det ennå løyndomsfulle.
Av Åshild Ulstrup På livet laus, NRK P2, 22. juli 2001.
|
10.10.2001 10:21 En internasjonal straffedomstol 01.10.2001 12:39 Mystiske steder i Norge 22.08.2001 14:21 50-årsjubilantane 20.07.2001 14:04 Havet - kjærleiken og døden 11.07.2001 14:43 Politikk og paranoia 13.06.2001 10:30 -Israelere lider av en overdose moral 29.05.2001 10:41 Skrekkens og håpets hus 14.05.2001 12:53 Møllergata skolekorps 100 år 29.04.2001 21:49 Dra til Bloksberg! 18.04.2001 13:32 Kvinners Frivillige Beredskap | ||||||||||||||||||||||||||||||
| Copyright NRK © 2001 - Telefon: 815 65 900 - E-post: info@nrk.no - 03.01.2009 05:53 |