| OVERSIKT | NYHETER | SPORT | MUSIKK | UNDERHOLDNING | FILM | LITTERATUR | MAT | BARN | UPUNKT |
![]() | ![]() |
Her er du: NRK > Programmer > Radioarkiv > Sånn er livet > Samfunn > Arbeids- og næringsliv | Oppdatert 30.11.2001 10:52 |
| Intellektuell kapital Publisert 14.12.2000 09:25 - Oppdatert 08.01.2001 18:52
Intellektuell kapital vil bli den viktigaste drivkrafta i framtidas verdiskaping. Oppfinningar, idear, dataprogram, patentar er også del av den intellektuelle kapitalen. For eit kunnskapsbasert firma er det ein klar fordel å omforme nyskaping gjort av medarbeidarane til intellektuell formue - intellektuell aktiva - som firmaet kan stå som eigar av. Leif Edvinsson, med tittel global kunnskapsnomade, skapar av Skandia Future Center i Vaxholm i Sverige, har oppdaga "intellektuell kapital". Uttrykket skal først ha blitt brukt av John Kenneth Galbraith, og i fjor vart Edvinsson kåra til Årets hjerne i konkurranse med Bill Gates - og han fekk prisen for arbeidet sitt med å måle og analysere den intellektuelle kapitalen på ein nyskapande måte. Poenget hans er følgjande: Menneskeleg kapital er avgjerande for alle verksemder, og leiarane må vera opptatte av å forløyse tankekrafta. Og så fyrer han av breisider mot kontoret, ein kvelar av tankekraft, og mot brainstorming: det er forgjeves å stenge inne folk på hotell med storblokk og tusjpennar. Dei gode ideane kjem i dusjen, når vi går tur, på kafe med kolleger. Ved Skandia Future Center arbeider ein "digital cultivator" med å skape eit miljø som gjev hjernen optimale arbeidsforhold - og da går det ikkje i hundre, hjernen treng ro, hjarteslag, Mozart for å blomstre. Edvinsson har også fått prisar både frå det amerikanske produktivitets og kvalitetssenteret og frå Business
Inntil hausten 1999 var Edvinsson tilsett i forsikrings- og finansselskapet Skandia, som skapar og leiar for Skandia Future Center, utvikla "for å nå framtida raskare". Planlegging for framtida går for seint - framtida kjem raskare og raskare, langtidsplanlegging nyttar ikkje - med dagens internett-økonomi går det ti internettår på eitt kalenderår - det betyr at i dag tilsvarar seks månader seks år i gamal tid. Nå er han virkeleg blitt det som står på visittkortet hans - ein global kunnskapsnomade som sel sin intellektuelle kapasitet til verdsmarknaden, gjennom nettverksbedrifta UNIC: Universal Networking Intellectual Capital. Edvinsson meiner den menneskelege kapitalen er heilt avgjerande for alle verksemder, for der ligg krafta til fornying. Men investering i menneskeleg kompetanse blir ført opp på utgiftssida, medan maskiner og teknologi blir bokført på plussida. Han er også kritisk til vanleg rekneskapsføring: Vi må utvikle rekneskap som ser framover, seier Edvinsson. Av Astrid Brekken Sånn er livet NRK P2, 5. november 1999 |
27.06.2001 09:44 Ola og Kari ønsker privatisering 27.04.2001 23:24 Erstatning etter rasistisk mobbing 04.04.2001 09:12 Teppefall for Norges teppekonge 03.04.2001 15:14 Konkurssvindel 30.03.2001 11:45 Vi jobber mindre 24.01.2001 09:49 Satser norsk – og vinner 12.01.2001 09:17 Norsk eierskap – hvorfor? 14.12.2000 09:25 Intellektuell kapital |
| Copyright NRK © 2001 - Telefon: 815 65 900 - E-post: info@nrk.no - 21.12.2008 12:11 |