| OVERSIKT | NYHETER | SPORT | MUSIKK | UNDERHOLDNING | FILM | LITTERATUR | MAT | BARN | UPUNKT |
![]() | ![]() |
Her er du: NRK > Programmer > Radioarkiv > Sånn er livet > Samfunn | Oppdatert 28.06.2005 14:08 |
| Nostalgi – katastrofalt og bittersøtt Publisert 09.03.2001 11:10 - Oppdatert 03.08.2001 12:13
På 1700-talet vart nostalgi sett på som ein dødeleg sjukdom som frikjende for alvorlege brotsverk. Frå 1850 og langt opp mot år 2000 var nostalgi forvist som ei bakstreversk og sentimental kjensle, ei bremse på utvikling og rørleg arbeidskraft. I dag har nostalgi ein bittersøt dåm: melankoli blanda med sødme, og er igjen moderne. Lengt etter ei fortidMedisinhistorikar og professor i idéhistorie ved Universitetet i Uppsala, Karin Johannisson, har lenge kjend til nostalgiens dramatiske fortid. Men når ho bestemde seg for å gå djupare inn i nostalgiens historie og i år har gjeve ut boka Nostalgia. En känslas historia, var det utløyst av at ho stadig såg nostalgien opptre i mediebildet i dagens Sverige. Nostalgien er høgaktuell.Og for å gje eit lite døme på det: I ein omtale av Woody Allen-filmen Sweet and Lowdown skriv anmeldaren i Dagens Nyheter at kvart bilde er drukna i nostalgi: lengt etter det som aldri kjem att. Det umoglege er den sanne nostalgikarens livsluft. Frå den utvinn han alt han vil fortelja om livet. Dødeleg heimlengtI 1678 skapte medisinstudenten Johannes Hofer sjukdomen nostalgia av dei greske orda nostos, heimkome, og algos, smerte. Nostalgi var ein sjukeleg lengt etter å vende heim, ein lengt som kunne få dødeleg utgang. Spesielt utsette var unge gutar som vart sende på militærteneste, og unge jenter som måtte flytte heimanfrå og tene hos andre. Rettshistoria fortel om mange tilfelle der desse unge jentene tende på huset eller drap barnet dei skulle passe, og at dei vart frikjende på grunnlag av at dei var ramma av nostalgia, ein heimlengt så sterk at dei ikkje var tilreknelege.Jag längtar hem. Jag längtar var jag går – men ej till människor! Jag längtar marken, jag längtar stenarna där barn jag lekt. (Verner von Heidenstam) Av Astrid Brekken Sånn er livet, NRK P2, 12. mars 2001 Reprise 6.august 2001 |
13.06.2002 13:16 "Skikk og bruk" 11.06.2002 12:11 Makt og flerkultur 05.06.2002 13:15 Kjønnsroller 28.05.2002 11:29 Her eller der 02.04.2002 13:11 På barrikadene mot omskjæring av kvinner 13.03.2002 14:33 Fra Cuba til Mekka 12.12.2001 10:16 Hans Christian + Konstantinos = sant! 26.11.2001 15:04 Vinlandet Norge? 08.11.2001 13:37 Allen Ginsberg og Jack Kerouac 10.10.2001 10:21 En internasjonal straffedomstol |
| Copyright NRK © 2001 - Telefon: 815 65 900 - E-post: info@nrk.no - 21.12.2008 12:12 |