|
Poesi-tid 5/6-04 "Poetiske gleder""Eg ønskjer eg kunne le fritt slik Elvis lo då han fnisande song "Are You Lonesome Tonight" og fylte songen med latteren sin." Dette fromme ønskje finn vi i Einar Øklands lange "Monolog" i 1. sats, "Rundt Kapp Latter" i diktsamlinga, "Poetiske gleder". Om vi i Poesi-tid maktar å oppfylle dette ønskje, gjenstår å sjå. Men eitt er i alle høve sikkert, - du får høyre både ei gamal og ei ny gravskrift. Publisert 02.06.2004 10:06. Oppdatert 06.07.2004 13:57.Litterære kontrapunkt Det er "Prosaiske gleder" som dannar kontrapunkt til Einar Øklands "Poetiske gleder". I 3.sats av diktsuiten harselerar han med poesiens fråtsing i saftige tautologiar, "slik skyene i vatnet speglar seg".
Forfattaren frå Valestrand i Sunnhordland, som debuterte med diktsamlinga "Ein gul dag" i 1963, vender med ujamne mellomrom tilbake til lyrikken. Og 40 år etter har han altså igjen gledd mange lesarar med sin underfundige poesi. Frå den glade"Oppsongen i kjellaren" der "supper flyg" ,manøvrerar han seg elegant gjennom mange ureine farvatn fram mot dagen der blyanten legg seg over og berre skraverar skuggen sin.
På sporet etter Fartein Valen Frå heimen til Økland på Valestrand, er det berre eit par steinkast opp til huset der komponisten Fartein Valen budde store delar av livet. Og interessa for denne kunstnaren, har naturleg vore stor for forfattaren.Han fortel om eit lite gulna avisutklipp med ei gamal tysk gravskrift, som vart funne i eit uthus,som vart til ein song av Valen. Slikt interesserer Økland, og det blir fort til ein sats i dikt-suiten. Som vi skal høyre i Poesi-tid,reiser også Økland til Palma, Mallorca,slik Valen gjorde. Men om det var der Økland skreiv si Nye Gravskrift, under den kvite sarkofagdyna,får vi ikkje stadfesta. Lytt til Poesi-tid, programmet der du får både Elvis Presley og Fartein Valen, og sjølvsagt ein stor porsjon Økland.
Poesi-tid
Laurdag 5/6-04 kl 1900
(reprise 6/6-04 kl 0703)
Harald Over
|