skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
toppbanner_livet3
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > På livet laus Sist oppdatert 15:52
 
Kreativitet og avvik:

Birgitta - omstridd mystikar

Den heilage Birgitta (1303-1373), kanonisert åttebarnsmor med politisk makt, verdskjent blant katolikkar, som i heile dette året feirar at det er 700 år sidan ho vart fødd. Mystikaren Birgitta med sine visjonar og openberringar - fekk ho drahjelp av epilepsi?



Publisert 27.06.2003 14:07. Oppdatert 23.07.2003 10:51.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
Det er Birgittafeber i Sverige. Den heilage Birgitta, kanonisert i 1391 og utnemnd til europeisk skytshelgen for få år sidan, blir feira heile dette året med minnemesser, konferansar, meditasjonsvandringar i hennar fotspor, ein nyskriven Birgittaopera og fleire nye bøker, samt eit splitternytt Birgittamuseum i Vadstena.
Birgitta vart fødd inn i ei rik lagmannsslekt. Ho vart bortgifta til ein lagmann 13 år gamal, og fekk åtte barn. Da ektemannen døydde – ho var da 43 år - fekk ho ein åndeleg og politisk marsjordre frå Gud: at ho skulle opprette ein klosterorden, og arbeide for at paven kom tilbake til Roma frå Avignon.

Poesi og blod

Birgittas skrifter er på 1400 sider, med omkring 700 openberringar. Professor emeritus i fransk, Helge Nordahl , som har skrive bøker om henne og omsett eit utval av Birgittas skrifter. Dei vekslar mellom poetiske skildringar – til dømes av Jesu fødsel, ei openberring ho fekk da ho var på pilgrimsferd i Betlehem – forferdelege detaljar av pinsler, blod, ekskrement og harde, fordømmande utfall mot pavar, bispar og svenskekongen. Og alt kjem til henne frå Gud. Ho er ein canale – eller ei parabolantenne, det bildet brukar søster Patricia i Birgittinerklosteret i Vadstena.

Epilepsi kan gje meir enn det kostar?

Nevrologen Halfdan Kierulf har interessert seg for Dostojevskij og hans epilepsi, og var våren 2003 på eit seminar i Vadstena, der tema var epilepsi, nevrobiologi og religiøs kreativitet. Dostojevskij har sagt at dei religiøse opplevingane han hadde i samband med sin epilepsi ville han gje resten av sitt liv for. Kierulf nemner også to norske forfattarar som synest epilepsi gjev meir enn det kostar: Herbjørg Wassmo og Tore Renberg.
Det var noko med Birgittas hjerne og hovud – det viser hovudskallen hennar, som ligg i ei fløyelskledd kiste i Vadstena klosterkyrkje. Det er berre øvste del av Birgittas hovudskalle som ligg i kista, resten er truleg gitt bort som relikvier. Men på denne er det spor etter ein nøttestor utvekst – i form av ein bulk på toppen av kraniet. Kierulf seier at Birgitta kan ha hatt ein godarta hjernesvulst. Om ho har hatt fleire, og i tinninglapp-området dit ein lokaliserer eventuelle religiøse opplevingar i samband med epilepsi, kan ingen seia. Det blir sagt av samtidige at Birgitta kom i ein slags transe når Gud ynskte nå henne med sine bodskap.

Epilepsi og religiøse opplevingar

Dostojevskij skriv i ”Idioten” om epilepsien at ” hans forstand og hjerne ble opplyst med ubegripelig styrke…. ” Kjende religiøse tenkjarar med sikker eller mistenkt epilepsi ved sida av Dostojevskij er Paulus, Jeanne d’Arc og Swedenborg. Desse personane har vore med på å prege og forvandle vestens kultur og sivilisasjon, skriv overlege i nevrologi, Ann-Marie Landblom, i svenske ”Läkartidningen”, (Volym 97 nr 51-52 2000) der ho drøftar Birgittas moglege epilepsi. Både syn, hørsel, smak og luktopplevingar kan følgje med epileptiske anfall. Det blir fleire gonger rapportert at Birgitta kjende lukter i samband med openberringane.
Mange har interessert seg for religiøse opplevingar knytta til epilepsi, og i ein studie hadde heile 51 prosent hatt ei frelsingsoppleving med auka religiøs interesse som resultat. Andre har rapportert om brå religiøs omvending i samband med epilepsi.

La henne for hat

Medan det katolske Europa har trykt Birgitta til sitt bryst, har ho gjennom historien vore sterkt omstridd i det protestaniske Sverige. Med store politiske evner og Gud i ryggen var ho ein farleg motstandar. Sjølv om ho ei tid tenestgjorde ved hoffet, var ho ikkje snau i si fordøming av kong Magnus Eriksson: han var tiltrekt av menn, han plyndra landet, og overgav Skåne til fienden.

Strindberg la henne for hat – ho var ei Satans kjerring som han meinte ville innføre eit kvinnevelde. Ein leiande svensk litteraturforskar, Henrik Schück, såg hennar himmelske openberringar som utslag av ”ei sørjande enkjes sjuke fantasi”. Ho kallar seg brur - og Guds son talar til brura Birgitta. Og brura nøler ikkje når brurgomen bed henne refse paven, Clemens den sjette:

”Han er mer avskyelig enn de jødiske ågerkarer, en større forræder enn Judas, mer grusom enn Pilatus. Han har slukt lammene og kvalt de sanne hyrder; for alle hans forbrytelser har Jesus slynget ham som en tung sten ned i avgrunnen, og han har dømt ham til å fortæres av den samme ild som en gang fortærte Sodoma.”

Ho var from – men rastlaus, og drog på mange og lange pilgrimsferder, den siste til Jerusalem. Og det var i Vadstena, ved den vakre Vetteren, at Birgittas kloster skulle ligge, dottera Katarina vart den første abedissa.

Katolikkfobi?

Pensjonert prost Gøran Grevbäck tok meg med til den vakre klosterkyrkja i Vadstena,der dei i dette jubileumsåret – 700 års sidan Birgittas fødsel - ventar ein halv million besøkjande. Vår heilag Olav bleiknar i Birgittas selskap. For Olav er ein lokal helgen, Birgitta er internasjonal. Ein prest med
katolikkfobi bør ikkje søkje kallet i Vadstena - Grevbäck har vore prost her i fleire tiår – han er ein lutheraner med auga for det som er felles. Gøran Grevbäck har saman med gode venner gått i Birgittas fotspor – til Nidaros, til Roma, til Assissi.
- Och vi roade oss med limerickar, ler Grevbäck – og siterer ein av dei:

En pilgrim reste til Lourdes
Över Frankrikes bördiga jord
Men hans hjärta det brast
När han såg att av plast
Hans kära madonna var gjord.


Birgittakloster i Norge

Søster Patricia er frå Ny Zealand, og har vore i Vadstena i mange år – Birgittinerkloster er det i mange land – gå inn på nettstaden til Birigittinerklosteret i Vadstena så finn du dei – også i Norge – på Heimdal i Trondheim ligg eit Birgittinerkloster. Birgitta skapte ein kontemplativ orden, men fleire Birgittinerkloster er aktive i sosialt arbeid. Og noko skal dei leva av – i Vadstena driv dei gjesteheim, der eg hadde rom med utsikt til solnedgangen over Vettern. I USA har eit Birgittinerkloster for menn funne si nisje: Dei lagar ”Cloister Candy” – dyrt og forskrekkeleg godt, seier Patricia. I 400 år fanst ikkje kloster i Sverige. Birgittinerklosteret i Vadstena vart som det siste stengt i 1595, og opna igjen i 1935.

Saknad: barnebarn

Klosterlivet er framand for folk flest i Norden – og folkefantasien er febril, det er søster Patricias uttrykk – ho har stått framfor store flokkar barn og vaksne i Vadstena klosterkyrkje, dei spør om alt frå: ”Var far din nonne” til ”Søv nonner i likkister?”
Internett og e-post har kome som ei gave for birgittinersøstrene – der talar dei tyst med heile verda. Dagane går med bøn, måltid, praktisk og anna arbeid – og til bestemde tider er det lov å snakke saman. Den heilage Birgitta levde som gift kvinne i over 25 år og fekk mange barn. Birgittinersøstrene må stille seg spørsmål Birgitta ikkje måtte ta stilling til. Og Patricia seier at største påkjenninga for henne har vore tanken på ikkje å få barnebarn.

Men etter at ektemannen er død hevdar Birgitta at Kristus gav henne følgjande befaling: ”Du skal i all æve hate all kjødeleg omgang.” Kjødets lyst er sterk, og ho ber til jomfru Maria om å styrke henne.

Sjelsmoderlighet

I boka ”Birgitta. Et sjelsportrett” av Emilia Fogelklou ser Fogelklou Birgittas openberringar og visjonar som henta frå ”minnegøymestader”. Dei viser eit bilde av Birgittas sinn og medvet – ein slags omskriven sjølvbiografi. Som visjonær står Birgitta fast forankra i sin gamle morsidentitet, overflytta til eit åndeleg plan. Samtidig er ”sjelsmoderligheten” hennar av eit slag som gjer det uvesentleg om ho er mann eller kvinne. Søster Patricia syn på openberringar er dette: Det finst sjeler som er utkåra av Gud. Birgitta var som ei parabolantenne – ho var eit Guds instrument. Om Birgitta hadde epilepsi eller ikkje synest ikkje søster Patricia er viktig – ho var uansett ein karismatisk, fantastisk person som har sett varige spor. Og andre truande som ikkje har fått parabolantenner som tar inn signal frå Gud, lever likevel i Guds nærvær: – I kyrkja under bøn og sang om morgonen oppdagar ein ting, seier Patricia. - Det heiter kjærleik. Men eg er glad eg ikkje er mystikar. Det er hardt å kjenne seg så nær Gud, å leva i hans brennande nærleik.

Og framfor statuen av den ekstatiske Birgitta i Vadstena klosterkyrkje seier prost Gøran Grevbäck:
- Her sit ein karismatiker. Ho lyttar innover. Gud talar i hjartet hennar.

Juni-serie i På livet laus: KREATIVITET og AVVIK - med barokk-kunstnaren Magnus Berg, dronning Kristina av Sverige, og Den heilage Birgitta.


Av Astrid Brekken


På livet laus, NRK P2, søndag 29.6 kl 830 og 3.6 kl 1430, 2003

LENKER

 
Søk i NRK Nettradio
Banner Redaksjonen
PÅ LIVET LAUS
Sendetider i P2:
Søndager kl. 8.30
Torsdager kl. 14.30 (R)
KOLOFON
Post: RC41, NRK, 0340 OSLO
På livet løs
Tlf: 23 04 88 64
Faks: 23 04 74 70
10 SISTE PÅ LIVET LAUS
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no