skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
toppbanner_livet3
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > På livet laus Sist oppdatert 15:52
 
Kreativitet og avvik:

Stor kunst - sterkt skjelvande hender

Treskjæraren Magnus Berg (1666-1739) frå Gudbrandsdalen var målar ved danskekongens hoff. Men lagnaden tvinga Berg til å skifte kunstform, og han vart ein av Europas fremste på sitt felt.

Publisert 12.06.2003 17:01. Oppdatert 23.07.2003 10:57.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:








Mot slutten av 1600-talet, ved danskekongens hoff i København,lever og arbeider ein norsk kunstnar: Magnus Berg. Ein ung treskjærar frå Nord-Gudbrandsdalen som får løn av kongen for å lære seg målarkunst. Men Bergs kunstnarkarriere går ikkje rakt fram – dramatiske hendingar gjer at han byter pensel - ikkje med kniv, som i unge år, men med meisel: han tok til å hogge i elfenbein. Overlege og nevrolog Ragnar Stien meiner at sterkt skjelvande hender - ei nevrologisk liding som ramma han i 40-50-årsalderen og tvinga han til å skifte spor - kan ha gjort ein stor kunstnar av Magnus Berg.

Meisterverk

På Rosenborg slott i København må ein leite i store rom fulle av kunstgjenstandar etter det berømte arbeidet i tre som truleg var Bergs inngangsbillett til hoffet: ein utsøkt pokal skore i valbjørk eller masurbjørk.
Her står også ein unik skulptur, "Vannets element", på sentral og synleg plass, skapt i elfenbein, sølv, forgylt bronse og glas.



Oppdaga av kongens halvbror?

Kunsthistorikaren Åshild Paulsen har gitt ut ei innhaldsrik bok om Magnus Bergs kunst, liv og religiøse skrifter. Far til Magnus Berg var truleg messingsmed på Sel i Gudbrandsdalen. Det var både rike bønder og prestar i slekta, og Magnus Berg var i unge år tenar hos diktarpresten Henning Munch i Vågå. Åshild Paulsen meiner at kong Christian den femtes halvbror Ulrik Fredrik Gyldenløve, som var statthaldar i Norge, oppdaga ungguten Magnus Bergs evner med kniven på reise i Gudbrandsdalen, kanskje da kong Christian den femte drog gjennom Norge og stansa på Sel i 1685.






Eineståande teknikk

Berg var i teneste hos tre kongar – Christian den femte, Fredrik den fjerde og Christian den sjette. Med full løn frå Fredrik den fjerde drog Berg på ei stor utanlandsreise i 1722-23, hadde opphald på eksklusive kurbad og kjøpte over tjue målarstykke, av blant andre Rembrandt, Poussin og Rubens. Og hans eige elfenbeinskunst var ettertrakta: han selde blant anna relieff til kong August den sterke i Dresden, og til det austerrikske keisarparet i Wien.
Kunsthistorikar Åshild Paulsen seier at relieff-teknikken hans er eineståande,og at det er lett å sjå kva han har laga. Botn er hogd lauvtynn, så det lyser i blått, og han går frå det låge til det høge – brått kan det stikke noko ut frå relieffet.

Paulsen seier kunstverk i elfenbein var stor mote til inn på 1700-talet,da porselen vart gjenoppdaga i Europa og utkonkurrerte elfenbein. Berg kom på slutten av elfenbeinets stordomstid. Og det var i det minste godt for elefanten at materialet tapte i popularitet.

Verst i andres nærvær

Nevrolog Ragnar Stien seier at Berg truleg vart ramma av familiær, essentiell tremor. Bergs biograf og samtidige Naamand Prehn skriv at Berg ikkje kunne skrive namnet sitt i ”nogens Nærværelse” - og det er vanleg å bli påvirka av at andre er til stades og ser på. Å måle ved staffeli utan støtte for armar og hender er svært vanskeleg for ein person med sterkt skjelvande hender. Men Stien fortel at det i medisinen finst både kirurg, urmakar og profesjonell biljardspelar med essentiell tremor. Dei kan berre fungere med god støtte for hendene.
Berg sette ikkje spor etter seg som målar, og berre eitt bilde finst, og det er ein kopi av ein meister – det var vanleg å kopiere på Bergs tid. Men han vart ein stor barokkunstnar i elfenbein.

Kunstskatten i Danmark

Det finst fire relieff av Magnus Berg i Norge, fordelte på Nasjonalgalleriet og Kunstindustrimuseet i Oslo og Aust-Agder Museum i Arendal, tre av dei er innkjøpte etter 1980. Dei fleste er på Rosenborg slott i København. Over femti av relieffa hans er avbilda i Åshild Paulsens bok om Berg. Vi veit lite om han her til lands – Paulsen seier han har falle mellom to stolar – i Danmark blir han rekna som norsk, i Norge som dansk eller nærast ein fortapt son.

Radikal pietist

Eit portrett av Berg viser ein staseleg mann med lys, lang parykk og sterkt ansikt. Åshild Paulsen har saumfore ikkje berre hans kunst, men også hans skrifter. Og ho seier at den minst sjarmerande sida hans er puritanismen. For etter ei krise, som kan knytast til at skjelvinga starta, vart Berg pietist, radikal pietist. Han gjekk ut mot kyrkja, og nekta gå til nattverd, sjølv om det var pålegg om å gjera det fire gonger i året. Han ville ikkje menge seg med syndarar. Han var blant dei som gjekk laus på prestane: dei var brødprestar og syndarar til tusen.
Sjølv om forholdet til kong Fredrik den fjerde ikkje var det beste - kongen hadde ikkje sans for pietistar - våga Berg å kritisere kongens seksualliv. For kongen gifta seg til si venstre hand – han tok kone nummer to, noko berre kongen kunne tillate seg.

Ingen levemann

I tidsrommet 1707 til 1735 forfatta Magnus Berg 26 religiøse skrifter, nesten alle anonyme, som gjekk frå hånd til hånd. Det var også i denne perioden han skapte sine verk i elfenbein, dei fleste har religiøse motiv. At han prøvde leva etter det han lærde, viser seg blant anna ved ein nøktern livsførsel, og at han støtta fattige med pengar gjennom mange år, og også sørgde for enkelte av dei i testamentet sitt.
Med skjelvande hender kunne ikkje Berg lenger undervise prinsar, prinsesser og pasjar i teikning, den jobben sette han bort til målaren Naamand Prehn, som seinare skreiv biografi om Magnus Berg. Berg fekk dermed æra av å få den første dansk-norske kunstnarbiografien.

Nålestikk frå ein samtidig?

Retta Ludvig Holberg nokre av sine skinneleggspark mot den vellykka kunstnaren Magnus Berg, hans samtidige i København? Åshild Paulsen tar i ein artikkel opp at det neppe er tilfeldig at Ludvig Holberg kallar ein av sine komedier ”Erasmus Montanus eller Rasmus Berg”. Holberg var kjent for å dele ut finter til bestemte personar i det han skreiv, og Bergs pietisme og sterke motstand mot teatret var to gode grunnar for å mislike Berg, og dessutan var det også grunn til å misunne han: da Christian den 6. kom på trona fekk Magnus Berg dobla ei allereide god løn ved hoffet. Ragnar Stien meiner Paulsen har rett i at Holberg hyste baktankar.
Huset der Magnus Berg budde siste del av livet ligg på Strøget i København – du finn det nær Amagertorv og Hellig Ånd-kyrkja. I dag sel søstrene Grene såpe,lys og drops i første etasje av Magnus Bergs hus.

Magnus Berg snudde krise til framgang –– kanskje på grunn av, og i alle fall trass i sterkt skjelvande hender vart han ein av dei aller fremste elfenbeinskunstnarane i Europa. Neste gong du kjem til København – dra til Rosenborg slott – i dei djupe vindusnisjene heng dei fleste av relieffa hans.


Juni-serie i På livet laus: KREATIVITET og AVVIK - med barokk-kunstnaren Magnus Berg, dronning Kristina av Sverige, og Den heilage Birgitta.



Av Astrid Brekken

På livet laus, NRK P2, søndag 15.6 kl 830 og torsdag 19.6 kl 1430 2003

Siste saker:

 
Søk i NRK Nettradio
Banner Redaksjonen
PÅ LIVET LAUS
Sendetider i P2:
Søndager kl. 8.30
Torsdager kl. 14.30 (R)
KOLOFON
Post: RC41, NRK, 0340 OSLO
På livet løs
Tlf: 23 04 88 64
Faks: 23 04 74 70
10 SISTE PÅ LIVET LAUS
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no