skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
toppbanner_livet3
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > På livet laus Sist oppdatert 15:52
 

Her er då ingen fåre - eller?

Dei fleste voggeviser er er laga for å få barnet til å sovna. Men det finns voggeviser der orda kunne skræma om barnet lydde: Voggeviser på tvert.

Publisert 06.06.2003 09:54. Oppdatert 23.07.2003 11:22.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video

Hvis du ikkje sovnar - så....

Gustavo Pollastri
I ei argentisk voggevise lovar mor frukt, kjøt og mjølk til barnet om det vil sovna. Det hastar, for mor skal ut og arbeida på åkeren. Så hvis ikkje du sovnar nå - kjem djevelen og gneg på beina dine! fortel Gustavo Pollastri.

I ei norsk gamal voggevise er det lammet som er redd for at reven skal bera det ut i skogen og hengja det på ei lita grein.
- og der vil du gnaga på mine små knokar! syng lammet.


Barnepsykiaterens vise

Nic. Waal
Arnulf Øverland fortel i ei bok at barnepsykiateren Nic Waal ikkje fann seg til rette med dei vanlege voggesongane, så ho spurde Arnulf Øverland om han kunne dikta ei voggevise tilpassa barnas verden. Det gjorde han, men hadde mor tid å syngja den for borna sine? Dottera Berit Waal hugsar berre far sine viser - frå fedrelandssongar til lausslupne Chat Noir-viser.





Drøym når du kan..

Hartvig Kiran

Hartvig Kiran si vakre voggevise: "Vide med vind" hadde far skreve til sonen som han visste ville streva litt meir når han vart vaksen, seier sonen Kjetil Kiran. Kanskje var det også ein song som handla om far sjølv







– Drøym når du kan
snart er du mann
no er du liten og fri. Roe deg vesle,
stogge din gråt.
Her er då ingen fåre.
Varm er di panne, og puta er våt
Stogge di tåre, vogge din gråt



Av Åshild Ulstrup

På livet laus, NRK P2, 8. og 12. juni 2003.


 
Søk i NRK Nettradio
Banner Redaksjonen
PÅ LIVET LAUS
Sendetider i P2:
Søndager kl. 8.30
Torsdager kl. 14.30 (R)
KOLOFON
Post: RC41, NRK, 0340 OSLO
På livet løs
Tlf: 23 04 88 64
Faks: 23 04 74 70
10 SISTE PÅ LIVET LAUS
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no