skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
toppbanner_livet3
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > På livet laus Sist oppdatert 15:52
 

Stress - moderne form for sjølvmord

Christina Doctare har oppretta eit "Andrum" ved Karolinska sjukhuset for å motarbeide stress og sjukefråvær blant personalet. Der driv ho nå eit pionerarbeid. Pusterommet er splitter nytt – det vart offisielt opna den 25. april i år.

Publisert 09.05.2003 20:59. Oppdatert 15.05.2003 12:15.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
”Andrum”– pusterommet på Karolinska Sjukhuset i Stockholm har sitt utspring i eit steinbrot i Dalarna nyttår 2000. På denne scenen – Dalhalla - stod legen Christina Doctare saman med sitt og mange andre kor og song inn tusenårsskiftet. Det var 25 grader minus, ein korkollega fekk influensa og feber, og Christina Doctare pusla om henne. Den kvinna hadde ein son som henta mora og Christina Doctare på stasjonen. Så tok ballen til å rulle, for han var massør.

Massasje og samtale

Dei starta ein praksis saman i Roslagen, der dei kombinerte massasje og samtale, og når det var problem på jobben, la dei vekt på å få sjefane også til å ta massasje før dei var med på ein samtale med arbeidstakaren. Klientane stod snart i kø, med ulike plager, men som dei ofte knytta til stress og overbelastning.

Christina Doctare har blant anna vore FN-lege for Verdshelseorganisasjonen under krigen på Balkan, det var ho som først slo alarm om dei systematiske valdtektene som skjedde. Ho har også vore Sveriges representant i Europarådets komite mot tortur i Strasbourg.

Pionerprosjekt

Sjukefråværet er høgt, i Sverige som i mange andre land i Vesten. Og bør ikkje helseinstitusjonane ta mål av seg til å vera i tet når det gjeld å minske talet på sjukmelde? Maj-Len Sundin er direktør for Karolinska Sjukhuset i Stockholm, med nesten 9000 tilsette – og sjølv om dei har lågast sjukefråvær blant akuttsjukehusa i Stockholms len, er det stort nok til at ho ser det som ei utfordring, desto meir fordi 1. juli må arbeidsgjevar betale for dei tre første vekene av ei sjukmelding, mot før to.
Sundin fekk kontakt med Christina Doctare da ho forelas om hjernestress ved sjukehuset, og kjende med ein gong at dei snakka same språk. Dermed fekk ho Doctare til å koma til Karolinska sjukhuset for å motarbeide stress og sjukefråvær blant personalet.
Sundin er finsk, arbeider i Sverige og bur i Norge, her har ho familien – ho har tidlegare i mange år vore i leiinga både ved Aker og Ullevål sjukehus i Oslo. Ho trur at stressnivået i samfunnet delvis har si rot i oppløysing av verdiar.

Milde hender og ro

Lag ei vakker trapp som vi kan skride i – sa Christina Doctare til handverkarane som laga ”Andrum” – og dei la til og med inn lys i trappetrinna.
Massasjeromma og samtaleromma er vakre, vennlege, pauserommet har tekjøkken og generøs sofa, venterommet gode stolar og gullfisk. Det er ei ro som ein straks legg merke til når ein kjem inn – som kan minne aldri så lite om eit kloster.

Sterk forskingsgruppe

Det blir spennande å sjå om denne måten å få folk tilbake i jobb på kan bli ein modell som fleire enn Karolinska sjukhuset vil ta i bruk. At Christina Doctare og direktør Maj-Len Sundin har stor tru på Andrummet viser seg også i at dei ynskjer å dokumentere resultata vitskapleg, og alt frå starten har knytta til seg ei sterk forskargruppe:
Kerstin Uvnæs Moberg, professor i fysiologi og ei av dei fremste når det gjeld forsking på hormonet oxytocin, psykiatriprofessor Lars Farde, i same klasse når det gjeld undersøkingar av den levande, arbeidande hjernen ved hjelp av såkalla PET-scan. Og dessutan ein diabetesforskar, for Doctare er opptatt av samanhengen mellom stress og diabetes, samt ein jesuittpater som er professor i etikk.

Lars Farde og Christina Doctare

Hjernen røper det religiøse sinnelaget

Professor Lars Farde og hans medarbeidar Jacqueline Borg skapte nyleg overskrifter da dei gjekk ut med forskingsresultat som tyder på at det er samanheng mellom religiøse og andelege opplevingar og kjemiske prosessar i hjernen. Når talet på mottakarar - reseptorar - for signalstoffet serotonin i hjernen er lågt, er personen opnare for det religiøse og uforklarlege. Dei med flest mottakarar var svært skeptiske til det mystiske. Når det gjeld det andelege har Farde til nå undersøkt menn – i neste omgang skal kvinner under PET-scannaren, og dessutan kva skjer med desse systema i hjerne med alder – det er ei vanleg oppfatning at folk blir meir religiøse med alderen – og kanskje har det si forklaring også i serotoninsystemet. Av dei to som står for studien er ein truande – den andre ikkje.

Eitt menneske kan ha fem gonger fleire mottakarar enn eit anna – og Farde seier at eit svært spennande spørsmål er kor mykje av dette hjernelandskapet vi har med oss frå fødselen og kor mykje det blir påvirka under oppvekst og i vaksen alder. Og det er kanskje noko dei kan få svar på gjennom den forskinga dei skal drive i Christina Doctares Andrum på Karolinska Sjukhuset.

Kerstin Uvnæs Moberg

"Berøringshormonet"

Eit anna sterkt kort i forskingsgruppa rundt Andrummet er professor Kerstin Uvnæs-Moberg, for tjue år sidan arbeidde ho med kvinners ammingsfysiologi, og kva hormonet oxytocin betyr i den samanhengen.
Uvnæs-Moberg er lege og ekspert på oxytocinets verknader, og fortel at ho seinare i dyreforsøk kunne slå fast at rotter av båe kjønn som får oxytocin blir rolegare og snillare. Da var ikkje steget langt til å tenkje: om også hannar har denne reaksjonen, må jo hormonet bli utløyst hos begge kjønn, seier Uvnæs-Moberg. Og mild, vennleg berøring er ein måte å aktivere dette hormonet på – ikkje den einaste, men ein effektiv måte.

Noen har sagt at stress er ei moderne form for sjølvmord, og ein kjend svensk stressforskar, Lennart Levi, sa seg samd i det. Ein drastisk måte å uttrykkje seg på – men Christina Doctare seier at når ein er stressa, blir ein likegyldig med folk rundt seg, og mindre i stand til å oppleva, føle og vera levande.


Av Astrid Brekken

På livet laus, NRK P2, 11. og 15. mai 200


 
Søk i NRK Nettradio
Banner Redaksjonen
PÅ LIVET LAUS
Sendetider i P2:
Søndager kl. 8.30
Torsdager kl. 14.30 (R)
KOLOFON
Post: RC41, NRK, 0340 OSLO
På livet løs
Tlf: 23 04 88 64
Faks: 23 04 74 70
10 SISTE PÅ LIVET LAUS
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no