skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
toppbanner_livet3
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > På livet laus Sist oppdatert 15:52
 

82 år og ideane ynglar

Når forfattaren Johannes Heggland i alder av 82, startar på ein serie som femner over 1000 år, er det ikkje berre motet som driv, men ideane som kappast om å bli brukt

Publisert 15.02.2002 12:06. Oppdatert 15.02.2002 12:12.

Den sterke kvinna

Så hardt har ideane sprengt seg på hos forfattaren at det kunne bli fleire bøker i året - slik som m.a. i fjor.

Johannes Heggland er ein av dei store forteljarane i norsk litteratur. For sine kvinneportrett - serleg i dei tre bøkene om Anna Gyria, er han blitt samanlikna med våre tre største. Det var kvinnene som bar samfunnet då Heggland var barn, meiner han. Og det var dei som inspirerte gutungen både språkleg og kulturelt.

Mens mor, den næraste, ikkje vart same førebilete med eit kristen-syn som kunne ta gleda frå livet på jorda. Far, derimot, som kom frå ein avsides plass, hadde eit romslegare syn og var heller ikkje redd for å kalla ting ved sitt rette navn.

Hjelpelaus attpåklatt

Sunnhordland
Johannes Heggland var fødd på Tysnes i Sunnhordland, og det er Sunnhordland som er temaet for den nye serien som starta før jul med boka Sigrid Jonsdotter. Heggland har henta mykje til forfattarskapet sitt frå historia. Til denne siste har han samla over 100 tettskrevne sider med stikkord. For Heggland er ingen historikar. Kunnskapen har han eigna seg sjølv - attpåklatten som til nå har greidd seg med folkeskulen. For garden heime makta han vel ikkje til overta! meinte faren som hadde oppdaga at guten var meir oppteken av pennen enn av greipa. Men sonen fekk garden, han fekk ei kone som kanskje vart hans beste modell - og han kunne halda fram med å skriva.

Inga aldersgrense

I dag har Johannes Heggland 60 bøker bak seg:Romanar, novellesamlingfar, ungdoms- og barnebøker, fagbøker, historiske spel, banksoger. Mange av verka hans er omsett til fleire språk. Tyskarane har vore serleg interesserte i dei historiske sogene, men spør nå også etter romanane frå idag.

Han kjenner ikkje til noko aldresgrensa, Heggland. Tvert om - så opnar nye dørar seg stadig for 82-åringen.


Av Åshild Ulstrup
På livet laus, NRK P2, 17. og 21. februar 2002

Siste saker:

 
Søk i NRK Nettradio
Banner Redaksjonen
PÅ LIVET LAUS
Sendetider i P2:
Søndager kl. 8.30
Torsdager kl. 14.30 (R)
KOLOFON
Post: RC41, NRK, 0340 OSLO
På livet løs
Tlf: 23 04 88 64
Faks: 23 04 74 70
10 SISTE PÅ LIVET LAUS
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no