skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
toppbanner_livet3
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > På livet laus Sist oppdatert 15:52
 

Gamal manns tale

-Tre dagar i veka er eg fri, seier 91-årige Sivert Sivertsen. Då går han til eldresentret og tirrar sine jamaldringar. Resten av veka skriv han på PC-en.

Publisert 18.10.2001 12:15. Oppdatert 30.11.2001 09:27.
Sivert Sivertsen likar å setja ting på spissen. Det hevar temperaturen, meiner han som ikkje let seg stogga av alderen. Med frodig fantasi og trassig sinn sender han innlegg til lokalavisa og skriv eventyr for etterslekta.

Arven vidare

Sivert Sivertsen sitt liv har vore til sjøss - som maskinist og tilslutt som maskinsjef. Og han vaks opp ved havet - ikkje langt frå Rubbestadneset på Bømlo. Etter han vart pensjonist, kom han til å tenkja på far sin - kor lite han hadde delt med borna sine. Det var ingen ting som fortalde om draumane og livet hans. Så lett skulle det ikkje vera å bli kvitt Sivert. Dermed sette han seg til PC-en.

Etterslekta skulle få vita både om livet og fantasiane hans.

Orda frå mor

et var harde tider for fiskarfamilien. Då Sivert var 10-11 år vart han bortsett til ei tante som ikkje hadde born. Der gjekk han rett i vaksen teneste og vart kalt "din tosk" om han ikkje makta arbeidet han vart sett til.

Ein dag vart han bedt om å koma heim. Mor låg for døden og ville ta avskil med kvar av borna. Til Sivert sa ho:" Av deg kjem det til å bli noko stort, Sivert!"
Denne setninga frå mor har Sivert Sivertsen bore med seg heile livet. Orda vart redninga når dagen såg som svartast ut.

Gamal på trass

Av og til tenkjer Sivertsen på kvifor akkurat han skulle bli så gamal. Det har slått han at det må vera på trass og ikkje på grunn av.
Idag er han åleine, fri til å sei, meina og skriva kva han vil.

-Og samfunnet har vel heller ikkje vondt av å høyra ein gamal manns tale! meiner han.

Av Åshild Ulstrup
Sånn er livet, NRK P2, 19. oktober 2001


 
Søk i NRK Nettradio
Banner Redaksjonen
PÅ LIVET LAUS
Sendetider i P2:
Søndager kl. 8.30
Torsdager kl. 14.30 (R)
KOLOFON
Post: RC41, NRK, 0340 OSLO
På livet løs
Tlf: 23 04 88 64
Faks: 23 04 74 70
10 SISTE PÅ LIVET LAUS
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no