skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
toppbanner_livet3
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > På livet laus Sist oppdatert 15:52
 

Margit - ein Herrens tenar

Margit Skråmestø var reisande forkynnar i evangeliet då ho ein dag måtte velja mellom framleis å preika Guds ord eller å utføra hans gjerning. Ho valde det siste.

Publisert 10.10.2001 14:01. Oppdatert 29.11.2001 17:49.

Tale Guds ord

Som søster si, Kirsten -
ville Margit utdana seg til å tala Guds ord. Frå ho var liten hadde dei begge spelt og sunge ilag. Kirsten gjorde seg ferdig med Bibelskulen. Margit var midt i skuleåret då ho fekk spørsmål frå Vestlandske Indremisjonsforbund om ho ville reisa rundt som ungdomsarbeidar. Ho sa ja

Som mor - så dotter

Margit Skråmestø vart fødd for 70 år sidan på Sotra utanfor Bergen. Det vesle bruket ytst mot havet levde av sauer som borna passa og fisk som far drog iland. Mor til Margit vaks opp på same staden. Hennar draum var å bli sjukepleiar - reisa ut. Den draumen måtte ho la fara. Ho vart sjukepleiar, men i stova hos mor si. Då Margit ein dag valde å slutta som reisande predikant for å pleia foreldra sine, visste ho ikkje at det skulle bli 14 år mellom dei same stoveveggene.

Løn i Himmelen

Då Margit Skråmestø hadde fylgt begge foreldra til siste kvile, kunne ho for fyrste gong på alle desse åra koma seg utanfor heimen. Stor var gleda då ho kom til bedehuset igjen og vart møtt av sine der. Men slitet etter ustoppeleg dag-og nattpleie sat i kroppen.
Når ho idag ser tilbake, takkar ho Vår Herre som ga henne kreftene til å halda ut.

Mor hadde meint dei måtte på gamleheim. Far skjøna at dottera aldri fekk gifta seg. Men Margit ville ikkje høyra på nokon.

- Du får di løn i Himmelen! sa far.


Av Åshild Ulstrup
På livet laus, NRK P2, 7.oktober o1


 
Søk i NRK Nettradio
Banner Redaksjonen
PÅ LIVET LAUS
Sendetider i P2:
Søndager kl. 8.30
Torsdager kl. 14.30 (R)
KOLOFON
Post: RC41, NRK, 0340 OSLO
På livet løs
Tlf: 23 04 88 64
Faks: 23 04 74 70
10 SISTE PÅ LIVET LAUS
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no