skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
Naturens verden 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Naturens verden Sist oppdatert 16:38
NRK RADIO P1
 
 

Naturens verden - spennende opplevelsesradio hver søndag kl 09.03 i Norges største radiokanal - NRK P1.

E-post:

Naturens verden
0342 Oslo


 

I rosenes verden

Nord i landet er det framleis vinter og mørketid medan sjasminen alt blomar i Bergen, men det finst blomar i Nord-Noreg også. I Troms ligg nemleg verdas nordlegaste rosegartneri og søndag 16. januar får det besøk av Tove Fugelsnes og Naturens verden.

Publisert 13.01.2005 16:00. Oppdatert 13.01.2005 16:02.
Det er lys som skal til for å få roser til å vekse året rundt, mykje lys. Berre for 10-15 år sidan var rosedyrking her i landet ein sesongproduksjon som berre gikk føre seg frå mars til ut i oktober. På Landbrukshøgskulen på Ås sette dei i gang eit forskingsprosjekt for å finne ut kva som skulle til, og lys var svaret. No blir det dyrka roser året rund, det nordlegaste rosedrivhuset finn vi på Kvaløya i Troms. Her har Nygård Hagebruk vore i drift i tre generasjonar. I dag er det Bjørn Ivar Kristoffersen, med god hjelp av mor og far Liv og Kjell, som driv gartneri og butikk.

Rosene krev mykje lys og med straumprisane vi har hatt dei siste åra så er dette ingen billeg butikk. På innsida av drivhusglaset har derfor Bjørn Ivar satt opp eit stort polstra telt og etter at det kom på plass har straumforbruket blitt halvert. No er det jamn temperatur og fukt i drivhus og soppen er under kontroll. Den sprer seg når det er tørt og formerer seg når det er vått, så jamt klima er beste medisinen mot sopp.

I Naturens verden søndag 16. januar besøker Kari Bay Haugen den gamle botaniske hagen i Bergen. Saman med botanikar Per Harald Salvesen ser dei på gul sjasmin som alt er i blomst. Vårlyngen har blomstra sidan før jul, det har også Julerosa.

Helge Søfteland er på låven med det rare i i Nordfjord i Sogn og Fjordane. Åse Moen måtte gi opp å drive med kyr, men ho ga ikkje opp livet på garden. No er det liv og røre på låven med gamle antikvitetar.

Naturens verden, søndag 16.01.05, kl. 09:03 på NRK P1


 
banner m lenke 180 matserie 04
arkiv naturens verden m banner 180
naturopplevelse banner 180
blom nytelser banner 180
 
 
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no