skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
Naturens verden 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Naturens verden Sist oppdatert 16:38
NRK RADIO P1
 
 

Naturens verden - spennende opplevelsesradio hver søndag kl 09.03 i Norges største radiokanal - NRK P1.

E-post:

Naturens verden
0342 Oslo


 

Vandring under historiske eiker

Bli med Naturens verden til den store øya Stord utanfor kysten av Hordaland, i den fyrste sendinga i året 2005. Der får Helge Søfteland ein rundtur med Karl Gloppen som vegvisar, og dei kikkar på ei kattugle som Karl har hatt som gjest i eit gamalt fabrikklokale dei siste ti åra.

Publisert 31.12.2004 14:50. Oppdatert 31.12.2004 14:51.
Dei pratar og om den unike floraen og faunaen som karakteriserer Fitjar, den nordlege delen av øya. Eit spesielt og unikt område finn ein rundt Tuftalandsvatnet, der 3-4 meter høge strå av takrøyr gjer landskapet eit preg som minnar om afrikanske sumpar. Her bit fisken etter segnene berre medan presten står på talarstolen, og spora i sivet er etter Hippopotamus Borealis, den nordlege
flodhesten!

Ei av gamaleikene på Stord.
Gloppen tek oss og med til heimebøen på garden der han vaks opp, og fekk vekt interessa for naturen og dyrelivet. Langs sjøen har naturen laga sitt eige arboret, der ti tresortar veks om kvarandre på eit mål mark. Stor-eika er konge blant trea, og har sett mangt og mykje gjennom tidene, kanskje så langt tilbake som til vikingetida, då Håkon den Gode sigla og kjempa mellom øyane. Banesåret fekk han nettopp i Fitjar, og der står han den dag i dag i granitt, som eit minne over si ambisiøse gjerning; å kristna heidningefolket langs kysten!

I Troms tek Tove Fugelsnes mot til seg og innleiar badesesongen saman med røynde isbadarar i foreningen ishud! Dei kastar seg uti blant drivis og frostrøyk, sjølv om gradestokken hutrar seg mot botnen, og sjøen så vidt er over frysepunktet. Og skal me tru dei badeglade er det helsebot i kvart sekund, men kan dei lokka Naturens verden sin reporter uti dei kalde bølgjene?

I Hedmark har Kari Bay Haugen funne vegen til kjøkkenet til landbruksdirektør Anne Cathrine Fossum. Ho har site eit år i stolen no, og har både ein giftig innsjø, skytefeltproblematikk og rovdyrsaker å stri med. Oppi det heile skal ho styra over landets største skogar, så korleis heng dagane i hop? Og kva vert utfordringane framover, når dei to kikkar i krystallkula?

Høyr Naturens verden søndag klokka 09:03 på P1!


 
banner m lenke 180 matserie 04
arkiv naturens verden m banner 180
naturopplevelse banner 180
blom nytelser banner 180
 
 
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no