skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
Naturens verden 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Naturens verden Sist oppdatert 16:38
NRK RADIO P1
 
 

Naturens verden - spennende opplevelsesradio hver søndag kl 09.03 i Norges største radiokanal - NRK P1.

E-post:

Naturens verden
0342 Oslo


 

Friske folk i friluft!

Vi har vel visst det lenge; Ut på tur – aldri sur! No får vi underbygd ordtaket med fakta. I Naturens verden 2. juledag er Anette Myrvang, som er rådgjevar for folkehelse i Troms fylkeskommune, på tur i Tromsdalen saman med Tove Fugelsnes.

Publisert 14.12.2004 17:03. Oppdatert 20.12.2004 10:05.
Anette Myrvang og Naturens verdens mest hårete medarbeidar; Niba.
Anette fortel at forsking har vist at mild fysisk aktivitet i friluft har like god verkning på depresjon som samtaleterapi.

Friluftsliv fører til auka serotonininnhald i blodet, kroppens antidepressiva.

Å sjå på landskap og fargar og oppleve stemningar i naturen gjer at hjernen produserer endorfiner. Det gjer at vi orkar meir og at vi kan takle smerte.

Dagslys aukar blodgjennomstrømninga til hjernen og frigjer melatonin, som er depresjonsdempande og humørskapande.

Det er viktig med allsidig og variert trening, det er med på å få ut spenningar og avfallsstoff av kroppen.

Kontroll og meistring produserer T-celler, som er viktige byggesteinar i immunforsvaret.

Lyst og forventningar frigjer endorfiner og adrenalin.

Lange turar over Hardangervidda med tung sekk verkar mentalt negativt på kvinner, medan menn blir mentalt friskare av turar som gir blodsmak i munnen. Menn får også positiv mental opptur av å gå på jakt.

Kvinner trives best i nærmiljøet, kortare turar i skog og mark gjer at damer kviknar mentalt til. Pass derfor på når de planlegg ferieturen, det er ikkje sikkert at begge partar kjem heim utkvilte dersom turen blir for lang.

Dette sto å lese i siste Natur- og miljøbarometeret frå TNS Gallup:
85 % av nordmenn er interesserte i friluftsliv og aktivitetar ute i naturen.
4 % er svært lite interesserte.
7 av 10 ønskar å vere meir ute.
70 % oppgjer mangel på tid som grunn til at dei ikkje kjem seg nok ut.
3 % oppgjer mangel på turområde.
8 % er ærlege og svarar at årsaka er latskap
95 % føler seg trygge når dei er ute i naturen.

Fysisk aktivitet ute i naturen minskar også faren for livstidssjukdommar som diabetes, hjarte- og karsjukdommar, fedme, høgt blodtrykk og leddgikt.

Det finst mange gode grunnar til å ta seg ein tur ut i romjula!

I Naturens verden søndag 2. juledag skal vi også til skogs saman med Kari Bay Haugen og professor Johan B. Steen. Dei kosar seg ved kaffebålet og smakar på julebaksten, ein årviss tradisjon i Naturens verden.

Vi skal også til Evanger i Hordaland saman med Helge Søfteland. Han besøker Anders Mestad i Eldhus AS. Dei produserer pinnekjøt, og det er både tørka og røyka. Vi får høre at det er i fettet smaken ligg og at pinnane bør vere av bjørk. No er pinnekjøt luksusmat som vi kosar oss med i jula, men i gamle dagar var dette kjøtet fattigmannskost, det einaste som var igjen når rikfolket hadde forsynt seg med lår og kotelettar.

Kom i romjulsstemning med Naturens verden, søndag 26.12.04!


 
banner m lenke 180 matserie 04
arkiv naturens verden m banner 180
naturopplevelse banner 180
blom nytelser banner 180
 
 
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no