skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
Naturens verden 3_1
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Naturens verden Sist oppdatert 16:38
NRK RADIO P1
 
 

Naturens verden - spennende opplevelsesradio hver søndag kl 09.03 i Norges største radiokanal - NRK P1.

E-post:

Naturens verden
0342 Oslo


 
Naturhistorisk vegbok for Hordaland -

Ei reise i historien!

I Hordaland har mange gode forskarkrefter gått saman om å laga ei Naturhistorisk vegbok for fylket, og etter fleire års forsking, innsamling og skriving, så har dei snekra saman seks hundre sider om landskap, natur, dyreliv, ver og vind.

Publisert 09.12.2004 15:20. Oppdatert 10.12.2004 09:43.
Boka har blitt ei rik kjelde for naturinteresserte, og me testar ho litt i Naturens verden tolvte desember. Professor William Helland-Hansen har vore hovudredaktør for boka, og tidlegare denna veka sendte han Helge Søfteland rundt i Hordaland saman med nokre gode hjelparar, for å gje smakebitar av både geologi og botanikk.

Oppdagartrongen skal sleppast laus, og kunnskapstørsten sløkkjast hjå lesaren, og kanskje kjem redaktøren sjølv seg ut i naturen igjen, no når han er ferdig med å bleika eit ganske langt lerret, og laga tre kilo naturhistorie!

Kari Bay Haugen hoppar i høyet og byrjar så smått på joleførebuinga, ho har reist til Stine Mølstad på Nes i Ringsaker. Sommarstid driv Stine den største solbærproduksjonen i landet, men når det stundar mot jul så er det andre vekstar det går i. Hjå Stine kan du nemleg hogga ditt eige juletre!

Tove Fugelsnes er i Rindal i Møre og Romsdal, og kikkar ein annan bonde litt i korta. Ola Syrstad er travel i desse dagar, når han skal laga miljøplan til garden sin.
Eit ork av ei papirmølle tenkjer nok mange bønder om dette statlege pålegget, men kanskje kan miljøplanen vera både spennande, og ha ein historisk verdi for etterslektene?

Høyr Naturens verden søndag klokka 09:03!


 
banner m lenke 180 matserie 04
arkiv naturens verden m banner 180
naturopplevelse banner 180
blom nytelser banner 180
 
 
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no