skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Her & Nå sine frontfigurar

Kari Sørbø og Henning Olstad bytter på som programleiarar i radioens daglege aktualitetsmagasin Her&Nå.

Publisert 06.01.2004 13:59. Oppdatert 15.11.2005 15:54.
Kari Sørbø og Henning Olstad høyrer du som programleiarar i NRK P1 sitt aktualitetsmagasin Her&Nå. ( Foto: Jon-Annar Fordal)


Kvar dag måndag til fredag høyrer over 400 000 på Her&Nå i NRK P1. Ein levande og direkte radiotime med nyheiter, reportasjar, sport, trafikkoversikt og aktuelle debattar.

Kari Sørbø er kanskje den mest erfarne ordstyraren i Noreg. (Foto: Morten Andersen)

Kari Sørbø

Kari har vore fast programleiar for Her & Nå sidan 1987. Etter å ha leidd tusenvis av debattar er ho kanskje den mest erfarne ordstyraren i Noreg.

Kari kom tidleg inn i journalistikken, noko som truleg redda henne frå ein mogeleg akademisk eller politisk karriere. Samtidig med at ho tok norsk grunnfag og media mellomfag i Volda, jobba ho for Sunnmørsposten og avisa Møre-Nytt i Ørsta.

Frå 1979 og i åtte år framover jobba Kari i NRK Finnmark, før ho kom til Trondheim. Der prøver ho å halde styr på den engelske setteren Bonzo, ein tenåringsson og eit omskifteleg norsk nyheitsbilde.

I 2004 fekk ho Prix Radioprisen som beste programleiar i radio: Vokter øyeblikket.

Henning Olstad

Henning har jobba i Her&Nå sidan 1998. Han har hovudfag i pedagogikk frå Universitetet i Trondheim og kjem frå Gjøvik, den kvite by ved Mjøsa.

Henning Olstad har vore i Her & Nå sidan 1998. ( Foto: Jon-Annar Fordal)
Tidlegare har Henning jobba for Oppland Arbeiderblad og Dagbladet. Han tok til i NRK i 1993, og har jobba både som reporter, programleiar og produsent i Her & Nå og programmet Kveldskjør.

Henning har si eiga heimeside for favorittlaget sitt i fotball, nemleg tredjedivisjonslaget Vardal. Der finn du mellom anna verdfull informasjon som at Ståle Tandsether har spelt heile 447 kampar for Vardal, og at oppmannen i klubben har bestemt seg for å halde fram på sidelinja etter 14 års tru teneste.

LENKER
Siste saker:

 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no