skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Vi lagar Her & Nå

Ola foran mikrofonen, i Her&Nå er han bak. Foto: Scanpix.
Ola foran mikrofonen, i Her&Nå er han bak. Foto: Scanpix.
Viss du lurer på kven som spring rundt med mikrofonar og lagar dette programmet, så finn du oss her.

Publisert 06.01.2004 13:59. Oppdatert 02.11.2006 09:59.
Her & Nå-redaksjonen held til på Tyholt i Trondheim, og vert leia av redaksjonssjef Ola By Rise. Den tidlegare målvakta og trenaren i Rosenborg tok på ny fatt i journalistyrket, etter mange års fråvær. By Rise har tidlegare arbeidd både i Adresseavisen og Arbeideravisa i Trondheim. Ola har akkurat no permisjon for å vere assisterande landslagssjef i fotball.

I alt ti journalistar står bak programma som kjem på lufta, i tillegg til god hjelp frå både Dagsnyttredaksjonen i Oslo samt NRKs distriktskontor. Her&Nå har åtte personar i Trondheim, to i Oslo og en i Kristiansand.

Mange lyttarar og fleire prisar

Her&Nå har nærare 700 000 lyttarar kvar dag.
Programmet har også fått fleire prisar. Sist var det Prix Radio for årets direktesending, direktesendinga frå den dagen terrorbombene small i London!
Øyvind Andre Haram og Henning Olstad mottar prisen for beste direktesending (Foto: Jon-Annar Fordal)


Programleiarane Kari Sørbø og Henning Olstad loser lyttarane gjennom sendingane kvar veke, og er blant Noregs beste programleiarar. (Les meir ved å gå vidare på lenka)

Gunnar Hybertsen

Reportasjar i tretti land

Reporteren i redaksjonen med lengst fartstid er Gunnar Hybertsen (f. 1948 i Trondheim). Gunnar steppar og av og til inn som programleiar. Han er den einaste utanriksreporteren på Tyholt, og har vore på reportasjereiser i kring tretti land, mellom dei Nord-Irak og Sri Lanka.

Gunnar er den mest erfarne Her & Nå-aren. Han byrja i NRK i 1974 og i Her & Nå allereie i 1984, tre år etter programmet var fødd. Han har også jobba i Dagsnytt og på distriktskontora i Finnmark og Trøndelag.

Gunnar har sambuar og fire døtre. Til liks med programleiar Kari Sørbø held han hund, ein border collie. Gunnar lyttar gjerne til jazz frå 50- og 60-talet og prøver å halde liv i nokre orkidear.

Øyvind André Haram

Ein havets mann

Øyvind André Haram (f 16.09.76) er den yngste i redaksjonen. Fødd på ei vakker øy ute i havgapet på Sunnmørskysten, med det velklingande namnet Vigra.

Øyvind har arbeidd i NRK sidan 1997, og vore innom fleire distriktskontor, i tillegg til to år i magasin og musikkredaksjonen i NRK P1.

I 2003 enda Øyvind nomadereisa og vart fast i Her&Nå redaksjonen. Han har både røynsle og kompetanse frå fiskerinæringa, og arbeider mykje med emnet i NRK. Øyvind er og ein av tre vaktsjefar i redaksjonen.

Marianne Rimstad Nordvik

Sørlandsjenta

Marianne Rimstad Nordvik (f. 1975) kjem frå Kristiansand. Ho byrja å jobbe for NRK Sørlandet i 1998, etter utdanning ved Mediehøgskulen i Kristiansand.
Marianne flytta til Trondheim for å byrje i Petre Nyheter, der ho arbeidde som vaktsjef og nyheitsopplesar i tre år, før ho flytta over til Her&Nå.

No har ho flytta tilbake til Kristiansand, og arbeider for Her&Nå frå Sørlandets hovudstad.

Vaktsjefane i Her&Nå

Kva som skal sendast på lufta, blir bestemt av vaktsjefane. I Her&Nå er det Ida Jevne og Chris Carlsen som har den funksjonen.

Ida (fødd 1977) er frå Kongsvinger og har studert journalistikk på Høgskolen i Bodø. Hun kom til Her&Nå-redaksjonen som nyutdanna og vart raskt vaktsjef i P3Nyheter. Ho var med og starta aktualitetsmagasinet P3 NÅ, og var halvtanna år i nyhetsredaksjonen til P4 på Lillehammer, før ho vendte ”heim” til Trondheim våren 2006.

Chris (født 1976) er frå Kristiansund, men har jobba mange år i NRK Nordland. Han var faktisk klassekamerat med vaktsjefkollega Ida på Høgskolen i Bodø. For nordlendingane er han et kjent fjes frå tida da han var programleiar for dei lokale nyhetssendingene på fjernsyn. Han har også vore vaktsjef for fjernsynet i Bodø. Han kom til Her&Nå i Trondheim etter eit studieår på New Zealand.
Chris Carlsen og Ida Jevne er vatksjefer i Her&Nå


Solveig Mikkelsen

Den reiseglade Solveig

Redaksjonens tredje vaktsjef er Solveig Mikkelsen. Ho har arbeidd i redaksjonen sidan 1995, men har no permisjon.

Solveig er ekte trønder som Gunnar, men likar gjerne å ta turen ut i det store utland. Saman med mann og born tok ho ut permisjon 2002 og reiste til Australia.

Ho held stand mot hundeelskarane i redaksjonen og har ei katt som heiter Frida, kalla opp etter maleren Frida Kahlo. Solveig er utdanna cand.mag. med faga historie, kriminologi og litteratur. Interessen for radio byrja i lokalradioen Radio RV på 80-talet, sidan den tid var ho innom både Tretti Grønne og Norgesglasset før ho kom til Her&Nå. I dag sit Solveig som styremedlem i NRKs Journalistlag og er opptatt av fagforeningsspørsmål.

Oslo-medarbeidarane

Sarah Pierstorff
Sarah Pierstorff (f. 1969 i Oslo) har jobba for NRK Sør-Trøndelag og Østlandssendingen. I sistnemnde var ho nyhetsreporter i radio og tv, nyhetsopplesar radio, avviklar og reporter for Norge Rundt og Migrapolis.

Ho er cand.mag. med sosiologi, idéhistorie og mediekunnskap frå Universitetet i Oslo og i Trondheim, og utdanna radiojournalist frå Høgskulen i Volda.

Sarah har jobba som sufflør, regiassistent og inspisient ved Statens Teaterhøgskole og
Kjetil Malkenes Hovland
Hålogaland Teater i Tromsø og starta radio-karriera i Studentradion i Trondheim.

Ho har også vore sentralborddame, stuepike og servitør.

Kjetil Malkenes Hovland (f. 1978 i Florø) gjekk radiojournalistikk ved Høgskulen i Volda fram til 2002, og har sidan jobba i Her og Nå og Petre Nyheter på Tyholt, seinare Marienlyst. Han leverer også saker til Ukeslutt.

Kjetil har bakgrunn frå lokalavisa Firdaposten i Florø.

Språk-kunstnaren

Her&Nå hadde i mange år fast kåsør i Eigil Johan Ree. Egil Johan er no pensjonist, men leverer likevel kåseri til programmet av og til. Unn deg ein tur innom arkivet (Egil-Johan si eiga side)og lytt til eit av dei mange kåseria han har produsert.

LENKER

 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no