 |
Henning Mankell |
Den skandinaviske kultureliten skal berga avisa Klassekampen. No har den svenske krimforfattaren Henning Mankell kjøpt aksjar for 50 000 kroner for å sikra ei norsk radikal dagsavis, og utfordrar forfattarkollega Jan Guillou til å gjera det same.
Eineståande avis
Den svenske suksessforfattaren kjøper aksjar i Klassekampen fordi han meiner det ikkje finst maken i heile verda.
- Avisa er eineståande, og kan ikkje overvurderast, seier forfattaren som mesteparten av året bur i Mosambik.
- Då eg fekk vita dette, ropte eg høgt av glede, seier redaktør Bjørgulv Braanen i Klassekampen. - Det er heilt fantastisk at folk som Mankell er med på å sikra Klassekampen som ei radikal dagsavis.
Aksjemotstandar
No håpar Braanen at Klassekampen også får ein annan svensk forfattar med på laget. Henning Mankell har oppmoda Jan Guillou til å kjøpa aksjar. Jan Guillou vil gjerne stø Klassekampen, men han eig av prinsipp ikkje aksjar.
 |
Jan Guillou |
- Klassekampen er den viktigaste avisa i Norden, seier Guillou til Her&Nå. No må Klassekampen og Guillou finna ut korleis Guillou kan kjøpa aksjar utan å bryta prinsippet sitt om å delta i det kapitalistiske prosjektet.
Norsk kulturelite
Samtidig er det sett i gang eit opprop i den norske kultureliten der folk så ulike folk som professor Francis Sejersted, Thomas Hylland Eriksen og skodespelar Kristoffer Joner har bunde seg til å kjøpa aksjar i avisa.
Partiet AKP er no i ferd med å selgja aksjane dei har i avisa for å sikra at avisa blir ei avis for heile venstresida. Til no har dei brukt eit og eit halvt år på å selgja aksjar for tre millionar. Resten av året håpar avisa på å finna kjøparar til aksjar for fire millionar til.