skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

To tiår med Her & Nå

Nyheiter og aktualitetar litt annleis. I over tjue år har det vore Her & Nå sitt særmerke.

Publisert 23.08.2001 15:28. Oppdatert 06.01.2004 14:22.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
Ideen var opprinneleg dansk; eit aktualitetsmagasin som tek pulsen på det som skjer - her og no. Men medan det danske søsterprogrammet er nedlagt, lever det norske Her & Nå i beste velgåande.

Her & Nå-redaksjonen følgjer dagsorden og leverer aktuelle debattar og innslag kvar einaste vekedag, vanlegvis under kyndig leiing av Kari Sørbø og Henning Olstad.

Under 20-årsjubileet i 2001 fortalde Richard Herrmann om Her & Nå sin fødsel. Han var sjølv ein av fødelseshjelparane, og presenterte lydglimt frå Her & Nå-historia.

Redaksjonen spiser kake på 20 årsdagen

Direkte og levande

- Ein ettermiddagstime med levande og direkte radio. For folk som er i ferd med å avslutte arbeidsdagen, for folk som er på veg heim eller allereie er komne heim. eit ope magasin som vi kallar "Her & Nå", uttalte Richard Herrmann til Programbladet i 1981.

Resepten er ikkje mye endra på dei 20 åra. Ordet Herrmann vakta seg vel for ikkje å ta i sin munn i 1981, var "nyheiter".

For det er berre dei siste åra at redaksjonen har vore en del av NRK sin nyheitsdivisjon, og dermed ope har kunna seie at dei jobbar med nyheiter.

Då nye NRK P2 kom i drift i 1984, heldt Her & Nå fram som ein alternativ "aktualitetstime" med det nye kringkastingssentret på Tyholt som base.

Populært blant lyttarane

Forsøka på å kneble "gjøkungen" i Trondheim har vore mange. Men Her & Nå fekk halde fram, og snart vann programmet solid oppslutnad mellom lyttarane.

I kjølvatnet av etableringa av trekanalradioen i 1993 flytta magasinet over på NRK P1. I dag er Her & Nå ein av berebjelkane på P1 sitt sendeskjema, og ein av grunnpilarane i nyheitstilbodet på NRK P1.

Storparten av Her&Nå- redaksjonen: Fra venstre Aagot Opheim, Solveig Mikkelsen, Solveig Tvedt og Marit Kaarstad (foran). Lorentz Berg, Kari Sørbø, Sigrid Gjellan, Henning Olstad og Gunnar Hybertsen (bak.
Redaksjonen held framleis til på Tyholt i Trondheim, og er eit riksdekkande nyheitsalternativ utanfor Oslo-gryta som mange set pris på.

Lyttarane er framleis svært glade i Her & Nå. Kring 400.000 får med seg programmet kvar dag, noko som gjer programmet til eitt av dei mest høyrde i landet.

Frisk tone

Nyheiter, reportasjar, sport, trafikkoversikt og aktuelle debattar, som oftast med Kari Sørbø og Henning Olstad som programleiarar. Frisk og lett tone og med hele NRK-nettet både innan- og utanlands å trekke vekslar på.

Her & Nå har fylt 22 år og er friskare enn nokosinne.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no