Altartavla i Hemsedal kyrkje syner Jesus som den gode hyrdingen. To av dei fire klokkene er frå 1100-talet. Og ei av dei gamle altartavlene frå 1700-talet frå den gamle stavkyrkja heng på ein av sideveggene i koret.
Av
Helge Helgheim
Det var gudsteneste frå Hemsedal kyrkje i Buskerud søndag 13. februar.
Det var 1. søndag i faste, og teksten stod i Matt. 4, 1-11.
Kapellan Knut Skjeldal preika, og kantor var Ingebjørg Solhjell.
Salmane stod i Norsk Salmebok: 104 (S-97). 295. 887. 479.
Sangsolist var Hanne Jordheim - og som salme etter preika song ho nr. 60 i "Salmer 97".

Kantor Ingebjørg Solhjell (biletet) er utdanna organist og skolemusikklærar frå Musikkonservatoriet, den tida konservatoriet heldt til i Nordahl Bruns gate.
Ho hadde først organiststilling i Røyken kommune og deretter i Øre på Nordmøre. Så kom ho til Ål, og frå 1977 fast stilling som organist i Nes. Frå 1993 har ho vore fast tilsett i Hemsedal. Ved sida av Hemsedal kyrkje spelar ho også i Lykkja kapell.
Ingebjørg underviser i orgel og piano ved den kommunale musikkskolen i Gol.
Hemsedal kyrkje
Alle dei gamle stavkyrkjene i Hallingdal vart skifta ut med nye kyrkjer i den siste halvdelen av 1800-talet.
Det er berre dei gamle kyrkjene i Hol og på Torpo som framleis står på sin opphavlege stad. Kyrkja i Gol vart flytta til Bygdøy og sett opp att der. I 1994 vart ein kopi av den gamle stavkyrkja på Gol vigsla på Storøyne ved Gol sentrum.
Stavkyrkja i Hemsedal vart riven. Den nye kyrkja i Hemsedal vart vigsla i 1882. Ho har 500 sitjeplassar.
Altartavla i kyrkja syner Jesus som den gode hyrdingen. To av dei fire klokkene er frå 1100-talet. Og ei av dei gamle altartavlene frå 1700-talet frå den gamle stavkyrkja heng på ein av sideveggene i koret.
Hemsedal kyrkje fekk sitt første pipeorgel i 1931. Orgelet er bygd i 1888 av Olsen & Jørgensens orgelfabrikk og var først brukt av Lindemanns musikkskole, som seinare gjekk over til å bli Musikkonservatoriet i Oslo. Orgelet vart restaurert i 1976.