11.02.2012
Maritim språkschizofreni

Ord og uttrykk til sjøs

Klokka er 0700. Eit tidspunkt eg sjeldan har luft mellom augelokka. Da smeller det fra rormann og vekkeansvarleg Knut: ”Arbeta jækler, i graven kan i hvila!!”

Av:
Webjørn Espeland

Også andre enn ei innlandskrabbe fra Telemark hadde vel blitt litt overraska over ein slik start på dagen. Men dette var ikkje einaste overraskelsen eg møtte under mine fem dager på den pensjonerte minesveiparen M314 Alta.

Det har gått ein time og eg har fått karra meg ut av senga – da lyder nokre klokkeslag og ei stemme over høgtaleranlegget:

”Med vending akterover. Giv akt. 8 glass. Heis flagget.”

FORUT på båten. Oppe på DEKK.FORUT på båten. Oppe på DEKK.

Komplett uforståeleg

Kva er det for språk desse gamle sjømennene bruker? Eg trudde at sjømannspråket skulle vere røft og rått, ikkje komplett uforståeleg.

Etterkvart fekk eg forklaringa på dette med glassa. Det har ingenting med væskøst inntak å gjere, men er derimot ein tidsbeteikning. Eit glass stammer fra tida ein ikkje hadde armbåndsur, og brukte timeglass. Eit glass på sjøen er ein halvtime, og dette herleg lettvinte systemet går i fire-timers modusar. Altså er åtte glass klokka 0800, medan 0830 er eit glass.

Splitte mine bramseil

Litt research hadde eg likevel gjort, journalist som eg er. Planen var å kokketere med maritime fraser som ”Splitte mine bramseil!” og ”Sette alle kluter til”. Men da bare lo dei gamle sjøfolka og påstod eg hadde høyrt for mykje på Kaptein Sortebill og Sabeltann. Etterkvart skjønte eg at alt på sjøen heitte noko anna enn kva fornuftige folk ville kalt det. Bortsett fra bad da, det heiter faktisk bad.

Maritim ordliste

Her er ei lita liste til andre landkrabber som vil prøve seg på sjøen:

Styrbord – Høgre, kjem av den sida styreåra var på dei gamle vikingeskip

Babord - Venstre, sida du hadde bak deg når du styrte vikingeskipa

Ship O'hoi, to tønner med rom!Ship O'hoi, to tønner med rom!

Bysse – Kjøkken

Messe – Eterom

Banjer – Sovesal

Skaffe – Ete

Skaffetøy - Bestikk

Plett – Tallerken, av eng. plate

Pøs - Bøtte

Purre – Vekke

Akter – Bak

Dekk – Golv

Dørk – Innvendig golv

Skott – Innervegg

Skuteside – faktisk sjølvforklarans!

Ventil – Vindu

Leider – trapp

Gjøs – Flagget foran, kjem av nederl. gius, som betyr førstereisgutt

Utdaterte fraser:

Femten mann på daud manns kiste, Skip O’hoi, to tønner med rom!

Splitte mine bramseil!

Posh Spice med maritimt navneopphav!Posh Spice med maritimt navneopphav!

Sette alle kluter til

Kjølhale

Gå planken

Posh fra maritim sjargong

Dessutan kjem det engelske ordet for jåleri, posh, fra maritim sjargong. Posh er ei forkorting for "Port Out Stareboard Home", gammalt snobberi der rikingane leide luksuslugarar på den sida dei ikkje fekk ubehageleg ettermiddagssol.

Den perfekte sommermusikken

Har du lyst til å høre en låt som minner deg om sommer? Ring inn til Reiseradioens telefonsvarer på 23 04 42 00 og fortell hvorfor akkurat denne låta betyr sommer for deg!