«Blå knapp borte» av Tarjei Vesaas
Tarjei Vesaas passa spesielt godt i Radioteatret med sin lette, stillferdige og meiningstunge stil. Dette høyrer man mellom anna i høyrespelet «Blå knapp borte», som du også kan podkaste.
Publisert 14.06.2007 16:21. Oppdatert 14.06.2007 16:24.
- Skriv ut
TARJEI VESAAS: Representant og foregangsfigur for «det lyrsiske høyrespelet»I sin generasjon var det Tarjei Vesaas som hadde det sikraste handlaget med høyrespelet. Uttrykket hans passa perfekt til det intime mikrofonformatet: lett, stillferdig og meiningstung som han er. Han sette mange og tydelege spor etter seg i Radioteatret på 1940/50-talet og var med på å gje Radioteatret ein eigen, norsk radiodramatikk, skild frå det tradisjonelle sceneteatret.
Blå knapp borte
I «Blå knapp borte», som vart innspelt i 1956, er det særleg Toril som vekkjer interessa: ho er midt mellom barn og vaksen og kjenner seg trekt mellom motstridande krefter. Eit oppbrudd nærmar seg, men ho klyngar seg til barndomen. Snart er det Einar, snart er det Anders som lokkar henne. Og bak dei er mora og faren og alt dei står for.
Også dette høyrespelet viser det som Tilman Hartenstein pekar på i boka si om Radioteatret si historie: at det i Norge var lyrikarar og modernistar som kjende seg mest heime i høyrespel-estetikken. 1950-talet ser «det lyriske høyrespelet» vekse fram.
TARJEI VESAAS: Ein mann som likte radioteater. Tarjei Vesaas skreiv sjølv om denne kunstforma: «I høyrespelet gjeld det å koma nær. Replikken må eige størst mogeleg trolling. (...) Ein må koma i hug at der er mangt rart inne i ein lyar».
Tormod Skagestad hadde regien i dette stykket, og musikken var laga av Finn Ludt.
Dei som er med:
Toril – Liv Strømsted Dommersnes
Hans, bror hennar – Noralv Teigen
Faren – Harald Heide Steen
Einar – Finn Kvalem
Anders – Toralv Maurstad
Musikk: Finn Ludt
Instruktør: Tormod Skagestad
Høyr det!
Høyrespelet «Blå knapp borte» kan du høyre søndag 8.juli klokka 15.03 og mandag 9. juli klokka 19.30. Du kan også laste ned høyrespelet med podkast fra og med dagen det sendes og syv dagar frem i tid.
Her kan du podkaste stykket (fom 8. juli klokka 0900):
Podkast «Blå knapp borte» her!
Lenker
Radioteatrets siste saker
- Radioteatrets sendetider
- Hamsuns «Victoria»
- «21 år» av Tarjei Vesaas
- «Blå knapp borte» av Tarjei Vesaas
- «Tankeleken» av Helge Krog
- «Keiser Jones» av Eugene O'Neill
- «Anne Christie» av Eugene O'Neill
- «Amerikabåten» av Charles Vildrac
- «Mennenes natt» av Jean Bernard-Luc
- «Skilles på tirsdag» av Bo Widerberg
- «Paria» av August Strindberg
Grufulle grøss rett i øret
Radioteatrets påskegave var bl.a seks korte grøss, som podkast eller streaming. Du finner dem her!
Radioteatret rett i øret!
Nå kan du laste ned nesten 200 hørespill: fra krim- og barneserier til Ibsen og moderne dramatikk.













