«21 år» av Tarjei Vesaas
I sommer kan du høre og podkaste en Tarjei Vesaas radioklassiker fra 50-tallet: «21 år».
Publisert 14.06.2007 14:23.
- Skriv ut
Tarjei Vesaas medverka til å gje Radioteatret på 1940/50-talet ein eigen og norsk radiodramatikk, skild frå det tradisjonelle sceneteatret.
«21 år», som vart spela inn i 1956, handlar om ei jente og to gutar som vert dregne mot kvarandre. Dei to er sønene på ein gard, og ho er leigd inn til skuronna. Biletet av dei tre er teikna med fin psykologisk kunnskap i små situasjonsglimt som gjer dei livs levande. Og bakom dei: Foreldra og eit småbrukarmiljø frå eit par generasjonar attende.
TARJEI VESAAS I RADIOTEATRET: Her er han sammen med sin kone Halldis Moren Vesass (Foto: Valldal NTB/Scanpix)Det er eit høyrespel som stadfester det som Tilman Hartenstein slo fast i boka si om Radioteatret si historie: at det i Norge var lyrikarar og modernistar som kjende seg mest heime i høyrespel-forma. 50-tallet er framfor alt tida for «det lyriske høyrespelet».
Høyrespelet er regissert av Tormod Skagestad og musikken er laga av Finn Ludt.
Dei som er med:
Forteljaren – Harald Heide Steen
Hild – Urda Arneberg
Kona – Astrid Sommer
Mannen – Øyvind Øyen
Ungguten Olav – Toralv Brekketo
Den andre ungguten, Knut – Finn Kvale.
Høyr det!
Høyrespelet «21 år» kan du høre på P2 søndag 1.juli klokka 15.03 og mandag 2. juli klokka 19.30. Du kan også podkaste programmet i sju dagar frå og med sendedato.
Her finner du lenka til podkastinga (frå 1. juli):
Lenker
Radioteatrets siste saker
- Radioteatrets sendetider
- Hamsuns «Victoria»
- «21 år» av Tarjei Vesaas
- «Blå knapp borte» av Tarjei Vesaas
- «Tankeleken» av Helge Krog
- «Keiser Jones» av Eugene O'Neill
- «Anne Christie» av Eugene O'Neill
- «Amerikabåten» av Charles Vildrac
- «Mennenes natt» av Jean Bernard-Luc
- «Skilles på tirsdag» av Bo Widerberg
- «Paria» av August Strindberg
Grufulle grøss rett i øret
Radioteatrets påskegave var bl.a seks korte grøss, som podkast eller streaming. Du finner dem her!
Radioteatret rett i øret!
Nå kan du laste ned nesten 200 hørespill: fra krim- og barneserier til Ibsen og moderne dramatikk.













