11.02.2012
27. september

Eit rom står avlåst. Portrett av diktaren Kolbein Falkeid

– Den dag i dag ser eg på skillet mellom liv og død som ei tusenedels millimeters glassplate. Det er så uendelig kort! Eit pistolskot unna! Det er det han seier Céline, ein av verdas største forfattarar, vent litt, eg må berre henta den boka til deg...

(Foto: Morten Krogvold)(Foto: Morten Krogvold)

Kolbein Falkeid reiser seg frå lenestolen og forsvinn mot bokhylla. Diktaren frå Haugesund ser ut som ein sjømann med kvitt skjegg. Han har strandebarmssnekka si fortøydd ved terrassen like utanfor stovevindauga. Leilegheita hans er kledd med bøker – i gangen, i stova, på soverommet – hyllemetervis med litteratur.

Falkeid (1933) er ein av våre mest folkekjære diktarar. Han er fødd og busett i Haugesund, og gav ut si fyrste diktsamling i 1962. Etterkvart har det blitt heile 30 bøker med lyrikk.

Etter diktsamlinga «En annen sol» (1989), som han skreiv for dottera som tok sitt eige liv, var han sikker på at han aldri kom til å skriva igjen. Samlinga fekk strålande kritikkar, og vert sett på som det verkelege gjennombrotet for Falkeid. Diktsamlinga kom i seks opplag.

– Den samlinga skreiv eg for dottera mi Helga. Den skulle vera ein bauta for henne. Samlinga var mi form for krisepsykiatri, seier han.

Et rom står avlåst

Jeg lengter etter deg.

Et rom står avlåst i kroppen min.

Alle tingene dine fins der og avtrykkene

av det korte livet ditt, flyktige

som skygger på snøen i måneskinnet.

Nøkkelen har jeg og går inn

med sekunders mellomrom. Jeg tar på alt

og taler uten ord med tomheten,

en kronisk lytter

Jeg lengter etter deg

også fordi du var likest meg. Uten deg

går jeg alene med vranglynnet mitt.

Alt som var fint i meg og nå falmer

bar du som en tidlig sommerdag, et flott

langtidsvarsel. Også lavtrykkene mine

langt vest i deg kunne hope seg opp.

Av og til

kolliderte vi og værlagene våre. Skybrudd

og solgangsbris tørnet sammen. Men oftest

hang dagene våre som enige

søskenperler på kjedet.

Lengter etter deg.

Hverken vær eller dager løper mer.

Og tomheten svarer aldri.

(En annen sol, 1989)

Falkeid seier sjølv at han skriv annleis etter at dottera døydde.

– Eg er ikkje så dagklar lenger.Tidlegare skreiv eg mykje om det jamne liv, om sjøfolk og reiser til sjøs. Men etter 1987-88 har eg fått eit dunklare og meir hermetisk språk.

Han sit ved spisebordet og skriv, med penn og papir. Eller han går ut og leitar etter diktet.

– Viss eg ikkje får det til, då legge eg papira vekk, og så går eg ut. Av og til går eg bevisst og leitar etter diktet blant brukte menneske eller små sjøhus med skeive tak. Diktet kan du alltid finna i det ufullkomne. Du kan ikkje finna diktet i ein mannekeng.

Dei seinare åra har han samarbeidd mykje med gruppa Vamp, og på den måten fått poesien ut til eit langt breiare publikum enn det ein diktar vanlegvis når.

Dette programmet vann fyrstepris i den internasjonale dokumentarkonkurransen Prix Italia 2003.

Eit rom står avlåst. Portrett av diktaren Kolbein Falkeid.

Av Kari Hesthamar.

Teknisk regi ved Kåre Johan Lund.

Blir sendt på NRK P2 laurdag 27. september klokka 10.15.

Reprise søndag 28. klokka 19.30

Neste sending: Radiodokumentaren

Radiodokumentaren: Land grabbing

NRK P2, lørdag 11.2. kl. 10.03 | Legg i kalender[?]

Den globale jakten etter åkerland. En radiodokumentar av Christian Brüser. Norsk versjonen ved Kåre Johan Lund.

Flere sendinger

Podkast

http://podkast.nrk.no/program/radiodokumentaren.rss

Med podkast får du programmet som mp3-fil rett til din datamaskin!

Kontakt

E-post: radiodokumentar@nrk.no

Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.