23.10.2014
NRK P2 lørdag kl.10.03

Den frie byråkraten - eit portrett av Karin Stoltenberg

Karin Stoltenberg (Foto: Hansen, Frode /NTB/Scanpix)

Møt Karin Stoltenberg i Radiodokumentaren.

Foto: Hansen, Frode /NTB/Scanpix

Karin Stoltenberg (født 1931) har levd eit liv med politikarar rundt seg, og har sjølv vore med å forma familie – og likestillingspolitikken vi har i Norge i dag. Men ho trivs best utanfor rampelyset.

Karin Stoltenberg

  • Født 23.11.1931.
  • Død 17.10.2012 (80 år gammel)
  • Oppvaksen i Oslo.
  • Gift med Thorvald Stoltenberg, tre born og fire barnebarn.
  • Utdanna genetikar, har jobba for NORAD og Røde Kors, vore statssekretær (Ap) i Handels- og Skipsfartsdepartementet og i Næringsdepartementet.
  • Hovudarkitekten bak den nye famlie- og likestillingspolitikken.
  • Har representert Norge på fleire av FN sine kvinnekonferansar.
Last ned podkast: Den Frie Byråkraten - Eit portrett av Karin Stoltenberg

– Jeg har behov for å ha det stille og jeg liker meg i skyggen. Jeg trivdes ikke som politiker, og jeg var ikke god til det heller. Jeg syntes at jeg var en god byråkrat og en god saksutreder. For meg er ordet byråkrat en hederbetegnelse, seier ho.

Karin Stoltenberg er kjent for å vera ei tilbakehalden og privat kvinne. Då son hennar for nokre år sidan fekk spørsmålet om kven han ser mest opp til, svarte han «Karin Stoltenberg». Han understreka hennar eigenskapar som mor, hennar faglege eigenskapar, og så la han til: «Jeg beundrer henne for å ha levd et mystisk og spennende liv».


Høyr dokumentaren:

Frå genetikk til byråkrati

Thorvald og Karin Stoltenberg i 1959 (Aftenposten)

Thorvald og Karin Stoltenberg i 1959.

Aftenposten

Då ho mot slutten av 50-talet vendte heim til Norge avbraut ho forskarkarrieren då Thorvald gjekk inni utanrikstenesta. Det blei karriere i byråkratiet i staden for.
Ho er mest stolt av å ha vore med og utforma den moderne familiepolitikken i Norge. Karin Stoltenberg byrja som byråsjef då Inger Louise Valle var statsråd på byrjinga av 70-talet.

–Du skal være med på å lage en familiepolitikk, sa Inger Louise Valle.

–Hva er det? spurte Karin Stoltenberg.


–Det vet ikke jeg heller, men jeg er helt sikker på at vi trenger det! Vi har en offentlig politikk som gjør at det sitter 150 000 kvinner hjemme som gjerne vil ut i arbeidslivet, men som ikke får det til, svarte Valle.

Dei sette seg ned og laga ein heilt ny politikk med lengre fødselspermisjonar, barnehagar, rett til kortare arbeidstid, rett til fri når born er sjuke.

Karin Stoltenberg var også ein av pionerane bak likestillingslova og partnerskapslova, og ho har utforma Stortingsmeldinga om sjølvbestemt abort.
Karin Stoltenberg (Foto: Paiewonsky, Paul /NTB/Scanpix)

Karin Stoltenberg.

Foto: Paiewonsky, Paul /NTB/Scanpix

– Den store forskjellen i kvinners liv er adgang til prevensjon og abort. Det har endret kvinners liv mer fundamentalt enn noe annet. Uten kontroll over egen fruktbarhet kunne det vi kaller kvinnefrigjøring overhodet ikke finne sted, seier Stoltenberg.

Gjekk sin eigen veg

Det var ikkje gitt at ei kvinne frå beste vestkant i Oslo skulle bli sosialist og ein av dei store innan norsk likestillingskamp. Far hennar var ingeniør frå NTH og meinte, i fylgje Karin, at det einaste ein kunne vera i verda var ingeniør.

– Han var uvanlig intelligent, men uvanlig uintelligent sosialt sett. Mor var fra Trondheim. Hun var vakker og begavet og vokste opp i en familie hvor hun fikk lov til å ta artium, men da var det slutt. Hun jobbet aldri og var helt overbevist om at det eneste en ung kvinne kunne tenke på var å bli godt gift og forsørget, fortel ho.

For Karin Stoltenberg blei det tidleg klart at dette var eit type liv ho ikkje ville ha.

Snakkar ikkje politikk med borna

Jens og Karin Stoltenberg (Foto: Møller-Hansen, Janne /NTB/Scanpix)

Jens og Karin Stoltenberg.

Foto: Møller-Hansen, Janne /NTB/Scanpix

Karin Stoltenberg snakkar varmt om ektemannen sin gjennom 55 år.

– Thorvald, han – åh! For det første så er han jo en veldig hyggelig mann, og så har han en kjærlighetsevne og en sans for andre mennesker som er helt unik. Nei, han er helt strålende han!

Ho fortel at Thorvald ringjer alle born og barnebarn dagleg, men at det ville bli for mykje av det gode om ho skulle gjera det same.

Karin og Thorvald snakkar mykje politikk. Men ikkje med borna.

– I alle fall ikke med Jens, et sted må gutten få fred - selv om det av og til verker i fingrene etter å gi ham gode råd, seier ho.

Høyr portrettet av Karin Stoltenberg på NRK P2 lørdag kl.10.03 og søndag kl.21.03.

Dokumentaren er laga av Kari Hesthamar. Teknisk regi var ved Merete Antonsen.