– Du må ikkje gløyma
Ein dokumentar om ei palestinsk mor og dotter i Norge Av Kari Hesthamar
Publisert 26.08.2002 17:14. Oppdatert 17.06.2003 15:00.
- Skriv ut

– Hvis jeg hadde vært 16-åring nå, og samme slags 16-åring som jeg var, da ville jeg sprengt meg selv i lufta for et fritt Palestina, seier 42 år gamle Basma.
– De er jo helt gigadesperate, de gjør alt for å bevise at nå er det nok, til og med å drepe uskyldige mennesker. Men jeg vet ikke om jeg hadde gjort det, det er vanskelig å si, seier Donia, den 20 år gamle dottera til Basma.
I Ytre Enebakk sit ein palestinsk familie og ser på at landet dei kjem frå blir bomba, at bestemor har portforbod, at familie og venner lir.
Tjue år gamle Donia er fødd og oppvaksen i Norge, mens mor vart fødd på Vestbreidda på okkupert land. Mor kasta stein på israelske soldatar frå ho var lita jente, dottera har hatt ein trygg oppvekst utanfor Oslo.

Mor til Donia kom til Norge saman med mannen sin i 1979. Dei var ikkje flyktningar, men valde å slå seg ned fordi han fekk løyve til å etablera eige firma utanfor Oslo. No har dei fått fire døtre, som alle har levt heile livet sitt i Ytre Enebakk. Resten av slekta bur i Israel og Palestina.
– Her har de fred og bruker tid og penger på konserter, de kan gå på kino når de har lyst, og den store drømmen er å få lappen. Mens vi brukte helgene på besøk i fengsel, fra sted til sted, og besøkte den ene gangen pappan min, den andre gangen broren min. Så klart de skal ikke oppleve det jeg har opplevd, jeg er glad de har det så bra, men de skal tenke seg om – og det gjør de ikke. Det er like fjernt for dem som for vanlige norske, og det irriterer meg jæklig altså! seier Basma.
Far til Basma døydde etter det siste opphaldet i israelsk fengsel. I breva til Basma skriv han at ho alltid måtte hugsa å fortelja borna sine historia deira, at dei aldri må gløyma kor dei kjem frå.
– Du må ikkje gløyma
Ein dokumentar om ei palestinsk mor og dotter i Norge
Av Kari Hesthamar
Teknisk regi: Kåre Johan Lund
Konsulentar: Berit Hedemann og Gyrid Listuen
Vert sendt på P2 laurdag 21. juni klokka 10.15
Reprise måndag 23. juni klokka 20.00
Radiodokumentarer av Kari Hesthamar
- 'If it be your will'
- So long Marianne
- Frå ein boks på Ikea
- Den brune pakken. Arven etter far.
- Hofte- og midjemål i Sameland. Ein radiodokumentar om identitet og tre generasjonar samar.
- Våren 2003
- Eit rom står avlåst. Portrett av diktaren Kolbein Falkeid
- – Du må ikkje gløyma
- Bømlos lille Beirut
- Programarkiv
- Aldri meir Norge
Neste sending: Radiodokumentaren
Radiodokumentaren: Morfar var spion
NRK P2, mandag 20.5. kl. 8.03 | Legg i kalender[?]En radiodokumentar av Magnus Thorvald Bratten. Teknisk regi: Merete Antonsen. Konsulent: Kari Hesthamar.
Nettradio
- Radiodokumentaren: En nyanse av Brun (19.05.13 21:03)
- Radiodokumentaren: En nyanse av Brun (18.05.13 10:03)
- Radiodokumentaren: Til bords med Simone de Beauvoir (17.05.13 18:03)
- Radiodokumentaren: Til bords med Simone de Beauvoir (17.05.13 08:03)
- Radiodokumentaren: Cowboy og wikipedianer - kampen om sannhet på (12.05.13 21:03)
- Radiodokumentaren: Cowboy og wikipedianer - kampen om sannhet på (11.05.13 10:03)
- Radiodokumentaren: Fra Auschwitz til Holmenkollåsen (09.05.13 18:03)
- Radiodokumentaren: Plagsomme Tom - tyven som ingen kan ta (05.05.13 21:03)
- Radiodokumentaren: Plagsomme Tom - tyven som ingen kan ta (04.05.13 10:03)
- Radiodokumentaren: Kommunisten på Kråkerøy (01.05.13 08:03)
- Flere programmer
Podkast
http://podkast.nrk.no/program/radiodokumentaren.rss
Med podkast får du programmet som mp3-fil rett til din datamaskin!
Kontakt
E-post: radiodokumentar@nrk.no
Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.






