11.02.2012
Foredrag ved Otto Hageberg, 29. april og 1. mai:

Brannsvidd sjel

Otto Hagebergs biografi om Ragnvald SkredeOtto Hagebergs biografi om Ragnvald Skrede

I dette foredraget gir Skrede-biograf og litteraturprofessor Otto Hageberg oss ei dramatisk skildring av Ragnvald Skredes liv før krigen. Skrede-familien var kanskje den første som blei hengd ut i all offentlegheit gjennom fleire år . . .

Utdrag frå foredraget:

Når meiningsløysa ropar

bak dei siste blånar

i di brannsvidde sjel,

då skal du stanse og lyde

då skal du lyde vel.

Gjev du meiningsløysa meining

og formløysa form

då har du tenkt ein tanke

då har du stilt ein storm.

Eit brannherja landskap

Det diktet vi nett høyrde Claes Gill lesa, er titteldiktet i diktsamlinga "Bak dei siste blånar", den kom ut i 1961 og er den fjerde av i alt tolv diktsamlingar av Ragnvald Skrede, som var ein av dei mest profilerte norske lyrikarane i 1950-åra og 1960-åra. Det er eit karakteristisk Skrede-dikt, direkte i sin biletbruk, enkel ekspresjonisme kan vi kalla det: vi ser eit brannherja landskap med ein slags eventyrdåm over seg i førestillingane om blånane, men vi er ikkje i tvil om at det er eit sjeleleg landskap, det er beint ut sagt at blånane er i den bransvidde sjela.

Kjend Skrede-tematikk er også påminninga om at livet er ein strid, og den etiske appellen, maninga om å velja og å handla – velja å skapa meining der meiningsløysa har herja. Slike tema finn vi i heile den lyriske forfattarskapen til Skrede, frå debutsamlinga Det du ikkje veit, som kom i 1949, til den siste, Brenning, som altså kom i 1975.

Refleksjonane over fundamentale val eit menneske eller ein annan skapning kan måtta gjera, er mange og pregnante i Skredes lyrikk. Eit av dei aller mest karakteristiske dikta hans, er ein dyrefabel, om ein rev, som går fast i revesaksa, men gjer eit eksistensielt val som det gufsar frå, og det gufsar både vilje, kraft og nådelaust innsyn i eksistensens vilkår. Vi høyrer Ragnvald Skrede sjølv lesa diktet "Reven", frå samling nr 2 "I open båt på havet", som kom i 1952.

Ein smell.

Og reven sat fast i glefsa.

Eit dyr i naud bed ikkje til Gud?

Ikkje til Gud nei.

Men den ytste samling

av gløggskap og vilje

og nervar og musklar

er ei bøn.

Fyrst pintest han

lenge.

Så slo han ein eldring

om resten av livet sitt,

læste tennene,

beit av seg foten.

Sidan var han

meir konsentrert rev

enn andre revar.

Vilt og vondt var hans liv i eldringen,

ring hans jakt

stutt hans nye veidardag.

Men ut av hans inste revehått

voks det ein tenkt labb

og måten han tok seg fram på

til han kraup inn i urda for godt

var hans og ingen annans.

Profilert kritikar og lyrikar

Det er ein særleg grunn til å minna om Ragnvald Skrede no om dagen. 27. april var det hundre år sidan han var fødd, og han fekk ein sentral posisjon i norsk litteratur frå 1945 og 30 år framover, ikkje berre som lyrikar, men også som litteraturkritikar. I mange av desse åra var han kanskje den aller mest profilerte norske kritikaren, først i Verdens Gang, seinare i Dagbladet. Han var elles den aller første som skreiv ei bok med brei presentasjon av Tarjei Vesaas og diktinga hans; det gjorde han alt til 50-årsdagen til Vesaas i 1947, og det var den første boka Skrede gav ut.

Ingen samtidige bokmeldarar kunne måla seg med Skrede når det galdt å presentera og karakterisera verk som handla om litteratur; biografiar eller analytiske innføringar. Han hadde sjølv brei lesnad bak seg, var kunnskapsrik som få, med universitetseksamenar i historie, gresk og latin, kyndig i både tysk, fransk og engelsk, gjendiktar av så vel Goethe som Shakespeare; han er den einaste norske som har gjendikta alle Shakespeares sonettar til norsk, god nynorsk. Han har dramatisert ein roman av Niko Kazantaskis og stått for ei rekkje novellantologiar med tekstar frå ulike språkområde. Han slutta som kritikar i 1966, men han fekk bruka sin kompetanse vidare; som medlem av den norske juryen for Nordisk råds litteraturpris og til slutt som leiar for Det litterære råd i den Norske Forfatterforening.

Lyrikar og kritikar altså, men han hadde også eit liv utanom tekstane, og i dette tilfellet er det grunn til å meina at det er nær samanheng mellom dikting og liv. Og Skredes biografi er interessant også i seg sjølv. Hans liv var dramatisk, og i røynda rører det ved så mange aspekt ved vår nære felles fortid. Eit studium av han aktualiserer forståing av sinnssjukdom for meir enn 100 år sidan, dynamikken bak galskap og tvangsinnlegging, også forståing av seksualitet som pedagogisk tabufelt, og her er spennande rettshistoriske og mediehistoriske aspekt i dette stoffet, ved sida av det litteraturhistoriske og kritikkhistoriske og estetiske.

I dette foredraget skal eg gi ei biografisk skisse, men vekt på åra før Skrede vart ein offentleg litterær person. Diktaren Skrede stig kanskje ikkje fram som heilfigur på den måten, og det var som diktar han helst ville bli hugsa. Men bakgrunnen høyrer med; også fordi den har vore lite omtala før. I radioprogram om Skrede, både medan han levde og seinare, har fortida blitt ståande i ei skodde; den skodda kan få lov til å letta.

Skilsmisse og rettssak

Ragnvald Skrede kom til verda i huset Grindstugu, klokkargarden i Vågå 27. april 1904. Han var yngstebarnet i ein syskenflokk på sju, faren Anders var klokkar og førstelærar i Vågå; både han og mora, Agnete Skrede, fødd Hammer, kom frå Randabygda i Nordfjord, og begge foreldra var svært gåverike, men stridige. Dei budde mange år i Sigdal i Buskerud, ei politisk spenningsfylt bygd, med den unge læraren Anders Skrede som venstreaktivist. Spenninga mellom ektefellene var ikkje politisk, men vart oppfanga av politiske parti, det vil seia høgre og venstre, og tilhøvet mellom dei vart gjord til ei offentleg sak av avisene i 1896 og 1897.

Korkje før eller seinare har ein ekteskapskonflikt her i landet til dei grader blitt laga om til eit mediehelvete for dei impliserte, her var opne skuldingar om sinnssjukdom, her var tvangsinnlegging, ulovlege abortinngrep, diagnosekonkurranse mellom legar frå høgre og venstre, og heile rettsapparatet vart involvert i offentleg injuriesøksmål mot ein avisredaktør som tok det redaksjonelle ansvaret for eit anonymt innlegg mot Anders Skrede med skuldingar om konemishandling, og striden kom i stor mon til å stå om kona skulle få lov til å vitna mot mannen, som dei poltitiske motstandarane hans ville, medan Venstrepressa tala hans sak.

Agnete Skrede fekk vitna, både i forhøyrsrett og lagmannsrett, og mellom dei førti andre vitna i den makelause lagmannsrettssaka i Drammen oktober 1897 var ikkje mindre enn 11 legar, og dom fall og alle skuldingar mot Anders Skrede om at han hadde mishandla kona si, vart kjende døde og maktelause, men redaktøren som hadde late skuldingane koma til orde i si avis, vart frikjend, for på det tidspunktet skuldingane var prenta, hadde redaktøren rimeleg grunn til å tru at dei var sanne, sa retten, som i denne politisk infiserte saka var administrert av lagmann Stang, nokre år før var han den aller første statsminister frå Høgre etter parlamentarismen; eit av dei mest sentrale vitna for Anders Skrede var den kjende legen Oscar Nissen, som elles også var redaktør i Socialdemokraten.

Annleis i Vågå

Dette var sju år før Ragnvald Skrede var fødd; foreldra heldt altså i hop også etter rettssaka der dei hadde stått mot kvarandre, og dei fekk tre nye søner etter hundreårsskiftet. Dei flytte frå Sigdal til Vågå i 1900, men familielivet var ikkje lykkeleg i den nye klokkargarden, og i 1904 kunne heller ikkje den nyfødde Ragnvald ta bort det vonde. I 1906 vart klokkaren og kona hans skilde; begge vart buande i bygda; Anders Skrede fekk ansvar for fem av barna i alderen 14 til 5 år, Agnete Skrede hadde to av dei buande hos seg, han som var fødd i 1900 og Ragnvald, i åtte år til 1914 budde dei tre til leige på ulike stader i bygda; i 1914 fekk dei sitt eige hus, 200 m frå der faren budde.

I lag fekk dei sju søskena oppleva det makelause: å vera barn til dei einaste skilde foreldra i Vågå, og ordet gjekk om både det eine og det andre; somme i bygda valde å halda med mora og andre heldt med faren, som elles fekk ein sentral posisjon i kulturlivet i Vågå; det galdt kunstsamling; han var nær ven med Anders Sandvig som grunnla Maihaugen, og det galdt ungdomslagsarbeid; i mange år var Anders Skrede formann i ungdomslaget i Vågå, medan Agnete Skrede isolerte seg meir og meir. Mange år seinare skreiv Ragnvald Skrede: "Jeg kan forsikre at i min barndom hadde jeg ikke en kamerat som ikke daglig lot meg merke at jeg tilhørte en "utskjemt" familie, at jeg var annerledes enn andre barn".

Hør hele foredraget torsdag 29. april kl. 13.03 og 21.30, eller lørdag 1. mai kl. 7.03!

Otto Hageberg

er professor i nordisk litteratur ved Universitet i Oslo. Utgitt bl.a. "Olav Duun. Biografiske og litteraturhistoriske streiflys" (1995), "Forboden kjærleik. Spennningsmønster i Olav Duuns dikting" (1996), "På spor etter meinig. Essay om samtidslitteraturen og om litterær tradisjon" (1993), "Frå Camilla Collett til Dag Solstad. Spennningsmønster i litterære tekstar" (1980). Han har også nylig skrevet den hittil eneste biografien om Ragnvald Skrede, "Svidd sjel" (2003).

Lyd og video

Kontakt

E-post: p2.akademiet@nrk.no

Telefon: 23048560

P2-Akademiet, Post FG22, NRK 0340 Oslo

Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.