Haarklou - ein av Noregs mest allsidige komponistar
I dag er det mest berre dei velinformerte innan musikkhistoria som kjenner namnet Johannes Haarklou. Påstanden om at han var ein av våre mest allsidige komponistar, vil difor sikkert overraske mange. Men allereie på 1960-talet ynskte musikkforskaren Finn Benestad å trekkje fram Haarklou sine beste verk - fordi dei har livets rett som gode kunstverk.
Publisert 28.01.2003 11:52.
- Skriv ut
Men det merkelege er at nokon renessanse for Haarklou slett ikkje har kome. Det er framleis sjeldan å høyre Haarklou i dei store konsertsalane. Vi skal i dette foredraget høyre fleire døme på Haarklou sin musikk. Men av tidsomsyn må vi avgrense oss til korte smakebitar frå ei opusliste på ikkje mindre enn 123 verk i Benestad si reviderte liste. La oss nå, som ein musikalsk introduksjon til komponisten Johannes Haarklou, høyre utdrag frå hans "Springdans," opus 39, framførd av Kringkastingsorkesteret.
Innslag: 1'30" fra "Springdans"
Vi kan kanskje la dette utdraget stå som representativt for komponistens karakter, i alle fall slik han sikkert vart oppfatta av mange i si samtid, denne nye vinden frå vest, som feia inn over hovudstaden og landet, då Johannes Haarklou svinga inn på den musikalske arenaen i Noreg like før 1880.
Vegen dit hadde på ingen måte vore lett. Og nå skulle han som nykommar frå fjellbygda, men med solid musikalsk ballast frå både Leipzig og Berlin, slå seg fram i hovudstadens etablissement, først og fremst som allsidig komponist, men og som stor organist og musikklærar, som engasjert musikk-kritikar og markant kultur-debattant. Han gjekk til verket med ærleg idealisme, med ubøyeleg energi, og med tru på eigne krefter og idear.

Johanes Haarklou var fødd og oppvaksen som andre son på garden Haarklou i Haukedalen, eit anneks til Førde i Sunnfjord. Avstanden derifrå var kort over fjellet til grannebygda Jølster, der tre fjerdedeler av slekta kom frå.
Med dette utgangspunktet var det knapt noko som skulle tilseie at ungguten Johannes ein dag skulle kome til å verte ein av dei mest markante personlegdomar i norsk musikkliv i heile perioden frå 1880 til dødsåret 1925.
Det einaste som kunne peika mot ein mogeleg musikalsk bane, var ein sterk hardingfeletradisjon i familien på både mors- og farssida. Dette var, ved sida av kyrkjemusikken, hans musikalske ballast frå oppveksten.
Lærarutdanning var eit val familien hadde gjort, etter påskunding frå presten Fasting i Førde. Faren var lærar, kyrkjesongar, klokkar og bonde, og sat relativt bra i det, og sidan Johannes sin eldre bror skulle arve garden, var saka klar, i alle fall for alle andre enn Johannes sjølv!
Etter to års studiar stod han i 1868 med lærareksamen frå Stord Seminarium, men med ulyst til lærargjerninga, og sterk hug til musikken. Med tanke på å skulle bli musikar og komponist, hadde han med sitt utgangspunkt alt tapt mange års musikalsk opplæring og modning. Han kom såleis til musikken med eit stort handikap.
Til all lukke fann han ein skulepost i Eiker, og sidan i Drammen, som gav han høve til å ta pianotimar og harmonilære hos Christian Cappelen, ein framifrå musikar med utdanning frå Leipzig. Snart kom han i lære hjå komponisten og organisten L. M. Lindeman i Kristiania, som gav han skolering i kontrapunkt og harmonilære, og ei grundig innføring i barokkmusikken.
Haarklou måtte nå gjennom ei personleg krise, før han i 24-års alderen braut over tvert med læraryrket, eller "Skolemesteriet," som han kalla det, og gav seg musikken heilt i vald.
På denne tida arva han eit betydeleg beløp etter foreldra. Han søkte seg nå inn som elev ved det verdskjende konservatoriet i Leipzig hausten 1873. Her fekk han igjen svært gode lærarar, som Richter, Kretzschmar og Jadassohn. Haarklou var ein både flittig og dyktig student. Men då arven etter foreldra var oppbrukt og han vende heim etter eit par år, hadde han ennå lite å vise til som komponist.
Han tok nå vegen til Bergen, og var så heldig at dirigenten for Musikselskabet Harmonien gav han sjansen til sjølv å dirigere førsteframføringa av sin eigen orkesterkomposisjonen, kalla: "Festmarsch i Anledning Wergelandsjubileet 17. Mai 1876." Det vart hans første kunstneriske suksess.
Etter dette sette interesserte krefter i Bergen i gang ein innsamlingsaksjon til den unge komponisten. Resultatet vart at han som 30-åring lykkeleg kunne ta vegen til Berlin, og skrive seg inn som elev ved "Hochschule für Musik." Han sa sjølv: " Først i Berlin lærte jeg hvad Komposition i Virkeligheden var for noget…." Resultata etter eitt års studium var svært lovande. Han fekk attest både som eit avgjort talent for komposisjon, og framifrå attest som organist.
Høyr heile foredraget torsdag 30. januar kl. 13.03 og 21.30, eller lørdag 2. februar, kl. 7.03, i P2!
Pianostykkene "Resignasjon" og "Alfedans" (se lenkene ovenfor) er spela inn spesielt for dette foredraget av Kristin Fossheim, lektor ved Norges Musikkhøgskole med fagområde klaverakkompagnement.

Kristian Fossheim
f. 1935. Fossheim er professor i fysikk ved Norges Teknisk-Naturvitenskapelige Universitet NTNU siden 1980. Utgitt ca. 150 vitenskapelige artikler i internasjonale tidsskrifter og bøker. En rekke forskningsopphold i USA, Europa og Japan. Lokalhistoriker og musikkinteressert.
Kontakt
E-post: p2.akademiet@nrk.no
Telefon: 23048560
P2-Akademiet, Post FG22, NRK 0340 Oslo
Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.
Slik podkaster du!
Nå kan du ta med deg ukens P2-foredrag som radio-podkast. Her kan du lese hvordan!



