24.05.2013

Tidenes norske Grand Prix-vinnar

"Venners nærhet" framført av Britt Synnøve Johansen i Melodi Grand Prix 1989 er tidenes beste norske vinnarsong. Dette slår Radio Røynda fast i si svært høgtidlege Melodi Grand Prix-kåring.

Publisert av Per Kristian Johansen

Med begrensa kjennskap til Melodi Grand Prix-historia, nøyer Tokvam og Vetle-Ivar seg med å kåra "Topp to" - dei to beste norske bidraga i melodikonkuransen. På andreplass hamnar Olav Stedje og songen "Snurrar på barten".

Juryen grunngjev andreplassen med at dette er ein flott song, framført av ein flott artist.

I 1989 sto den då 18 år gamle Britt Synnøve Johansen på scena i Sveits og song Venners Nærhet. Foto: Bjørn Ove Holmberg NTB / Scanpix  I 1989 sto den då 18 år gamle Britt Synnøve Johansen på scena i Sveits og song Venners Nærhet. Foto: Bjørn Ove Holmberg NTB / Scanpix

Slått av ei jente

Men Stedje må sjå seg slått av ei jente frå Rogaland. For det norske bidraget frå 1989 er tidenes beste. Då stod den då 18 år gamle Britt Synnøve Johansen på scena i Sveits og song "Venners Nærhet".

Juryen grunngjev fyrsteplassen med at dette er ein flott song, framført av ein flott artist. Det skal nemnast at Vetle-Ivar ein gong har vore heime hjå familien Johansen og ete brødskiver, men at dette på ingen måte gjer han inhabil.

I samband med at Britt Synnøve står bak tidenes norske vinnarsong, presenterer Radio Røynda eit nært møte med den flotte artisten.

Ny versjon

Saman med populærorkesteret Finn-Erix framfører Britt Synnøve Johansen vinnarsongen sin i heilt ny versjon, med stoveorgel og fagott.

Finn Erix og Britt Synnøve Johansen. Foto: NRKFinn Erix og Britt Synnøve Johansen. Foto: NRK

Britt Synnøve Johansen har i dag stor suksess ved Rogaland Teater.

Tidenes kjærleikssong

Olav Stedje, som kom på andreplass i kåringa, er tidlegare blitt kåra av Radio Røynda som mannen bak tidenes norske kjærleikssong - meir om det finn du her: Tidenes kjærleikssong

Norgesglasset NRK P1

Lyd og video

Lenker