Industrieventyret i vikingetida

I skogen i Hyllestad ligg det spor etter eit 1200 år langt industrieventyr. Vikingar gjorde god butikk på eit heilt spesielt kvardagsprodukt.
Publisert 17.07.2008 14:13. Oppdatert 18.07.2008 10:42.
- Skriv ut
Høyr: Arkeologi 5 - Vikingetida - meir enn mjød og hærtog
Vikingane segla ikkje over Nordsjøen berre for å plyndre kloster - dei aller fleste skipa hadde langt meir fredelege hensikter. Eitt av skipa kom aldri fram - og lasta er i dag attende der den blei produsert. På botnen av Alverstraumen i Hordaland blei det funne 505 kvernsteinar i ulik storleik, alle frå Hyllestad.
Kvardagsprodukt

Arkeolog Irene Baug demonstrerer håndkverna.
Foto: Gøril Grov Sørdal/NRK- Håndkverner var allemannseige før dei større vassdrivne møllene tok over, seier arkeolog Irene Baug. Dei mange steinbrota i Hyllestad står sentralt i doktorgraden ho jobbar med, og sjølv om spora etter industrien ligg framme i dagen, er det mange ubesvarte spørsmål å ta tak i.
- Kven var det som stod bak? Kven var det som hogde ut kvernsteinane, kven beordra dei til å gjere det, kven frakta steinane ut i verda, og kven tente pengar på industrien?
Dei siste kvernsteinane blei hogde ut i Hyllestad i 1930, men lite er kjent om sjølve produksjonen. Ein veit at Munkeliv Kloster i Bergen, 3 timar unna med bil, var ein av eigarane i middelalderen, men ein veit lite om kor aktive dei var i produksjonen - og om klosteret tente pengar på sal av kvernstein.
Sleit ned tenner i heile Nord-Europa
- Det var jo ei eksportvare dette, det er funne kvernstein frå Hyllestad i Sverige, Danmark, Polen, Nord-Tyskland og Island.
Bergarten er lett gjenkjenneleg, og granatglimmerskiferen er godt egna til å kverne korn til mjøl.
- Knasa det i tenenne når ein åt slikt mjøl? Ja, seier Baug, skjelett frå middelalderen har ofte veldig nedslitne tenner, og det kjem gjerne av steinstøv i brød og graut.
Flytta fjell

Desse kvernsteinane blei aldri fullførte. Kanskje nådde dei ikkje kvalitetskrava?
Foto: Gøril Grov Sørdal/NRKTerrenget i Hyllestad må ein gong ha sett heilt anleis ut, for det er registrert over 300 steinbrot fordelt på 27 kvadratkilometer. Overalt i Hyllestad ligg det avfallshaugar etter bergverksindustrien, kvar og ein som ei skattekiste for arkeologar som Irene Baug.
- Det er i avfallet me finn spor etter dei som ein gong jobba her.
Men kvifor er det forska så lite på dette før?
- Sjølv om industrien må ha betydd vanvittig mykje for området, særleg i middelalderen, så er dette kvardagsprodukt, seier Baug. Eg trur ingen har visst kor omfattande det har vore, eller kor spennande det verkeleg er!
Norgesglasset NRK P1
Lyd og video
20 siste Norgesglasset
- Mette Marit mer pop enn Angelina
- Samsaya og kjæresten lager låt
- Målløse D.D.E.-fans får egen låt
- Nå blir det Postkort-konsert
- – Jeg er en lat musiker
- Lite vasking gjør oss usosiale
- Sover i bilen i landet rundt
- – Inspirasjon er for amatører
- Ny Kråkesølv-låt kom med flaskepost
- Jørn frelser deg i Himmelekspressen
- Tror folk gir blaffen i issmelting
- Kornets historie
- Tuja-konkurranse
- Vinteridrettene som døde
- Fyrer du svart eller hvitt?
- Dette ordet skriv vi feil
- - Ikke kjøp for mye mat til jul!
- Handleliste for julegodterier
- Handleliste for diverse tørrvarer
- Handleliste for frukt og grønt
Tilbake til 60-tallet
Her finner du alt fra serien Tilbake til 60-tallet, inkludert bonusmateriale og arkivstoff.
20 siste Norgesglasset
- Mette Marit mer pop enn Angelina
- Samsaya og kjæresten lager låt
- Målløse D.D.E.-fans får egen låt
- Nå blir det Postkort-konsert
- – Jeg er en lat musiker
- Lite vasking gjør oss usosiale
- Sover i bilen i landet rundt
- – Inspirasjon er for amatører
- Ny Kråkesølv-låt kom med flaskepost
- Jørn frelser deg i Himmelekspressen
- Tror folk gir blaffen i issmelting
- Kornets historie
- Tuja-konkurranse
- Vinteridrettene som døde
- Fyrer du svart eller hvitt?
- Dette ordet skriv vi feil
- - Ikke kjøp for mye mat til jul!
- Handleliste for julegodterier
- Handleliste for diverse tørrvarer
- Handleliste for frukt og grønt









