11.02.2012

Tornekronen til Bergen

Gunnar Rosenlund (NRK)

Ein tagg frå Jesu tornekrone som vart oppbevart i Bergen, hamna i København. No vil privathistorisk etterforskar Gunnar Rosenlund ha den tilbake.

Sidan starten på 1980-talet har den historieinteresserte Gunnar Rosenlund jakta på ein stor skatt. Ein stor krystall som skal inneholde ei torn frå Jesu tornekrone. I mange år var denne i ei kyrkje i Bergen, men så forsvann den og blei gløymt. Heilt til Rosenlund starta si jakt.

Gunnar Rosenlund har leita etter Jesu tornekrone sidan 1982.

Det starta i 1274. Då fekk Magnus Lagabøte ei gåve frå den franske kongen Fillip den 3. Ein stor sjølvengel som står med ustrakte hender og held på ein krystall. Inni krystallen ligg ein liten kvist, ei torn frå tornekrona til Jesus.

Denne storslåtte gåva gjorde at Magnus Lagabøte bygde ei kykje i Bergen. Apostelkirken. Der blei engelen med krystallen plassert, og der stod han trygt fram til sommaren 1530. Då krevde den danske kongen Fredrik den 1. å få tilsendt alle verdigjenstandane til København, og kyrkja blei riven.

Sølvengelen blei sendt til Danmark. Men kor tok krystallen med torna vegen? Dette spørsmålet har Rosenlund no endeleg funne svaret på.

Gunnar Rosenlund (NRK)

- Krystallen er på nasjonalmuseet i København. Hans største ønske er at den må kome tilbake til Bergen, og da til domkyrkja. Der ligg Magnus Lagabøte gravlagt.

Og etter kraftig og langvarig påtrykk frå Rosenlund gjekk endeleg danskane med på å røntgenfotografere den 17 cm store krystallen. Danskane meinte krystallen var tom, men Rosenlund hadde rett. Det er noko inni krystallen!

- Danskane trur det er metall, men det er torna, seier Rosenlund og peikar på ein spiss gjenstand på røntgenbiletet.

Den ivrige skattejegeren håpar no museet vil ta ut innholdet frå krystallen.

- Der ligg verdens største skatt, seier Rosenlund.

Linkar
Her er krytallen!!!! På nettsida til nasjonalmuseet i København kan du også sjå krystallen Rosenlund meinar inneheld torna: Nasjonalmuseet i København.

Hør: Jesu tornekrone til Bergen 26.10.08

Hør: Om likkledet i Torino

Neste sending: Mellom himmel og jord

Mellom himmel og jord

NRK P1, søndag 12.2. kl. 10.05 | Legg i kalender[?]

Flere sendinger

Podkast

http://podkast.nrk.no/program/mellom_himmel_og_jord.rss

Med podkast får du programmet som mp3-fil rett til din datamaskin!

Kontakt

E-post: himmelogjord@nrk.no

Telefon: 73881818

Har du en god historie, eller kjenner du en spennende person? La oss høre om det! Skriv brev til Mellom himmel og jord, NRK, 7005 Trondheim eller send oss en epost.

Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.